Dei politiske partia er samstemte i at dei vil satse på kollektiv transport, og på alle vis blir innbyggjarane oppmoda om å bruke bussen og la privatbilen stå.

Flotte ord om klima, det grøne skiftet og behovet for reduksjon i privatbilismen høyrer vi stadig frå statsrådar der dei tronar i kvar sin regjeringsbil og frå politikarar i kommune og fylket.

Og vi er mange som gjerne vil bruke bussen, men kva blir gjort for å legge til rette for det?

Bussruter blir lagde ned, takstane auka og venterom stengde! Er dette medisinen som skal lokke folk frå bil til buss?

Busshaldeplassen på Sjøholt er eit knytepunkt for bussar som skal til Ålesund, Valldal, Ørsta, Vestnes og Åndalsnes.

Mange må vente der på korresponderande bussar, og venteromet har vore absolutt nødvendig med toalett og ly for regn og snødrev. Men no blir busspassasjerane møtte med denne velkomsthelsinga, nemleg ein plakat som seier at venteromet er stengt.

Dei reisande må heretter stå i leskuret med vind og nedbør drivande inn frå vest. Er det slik politikarane vil auke talet på bussreisande?

Folk lurer på om fylkespolitikarane skulka reknetimane på skulen?

For bortsett frå Sunnmørslista og FRP har dei aller fleste andre funne titals millionar til opera i Kristiansund, ei ikkje-lovpålagd oppgåve, men å halde venteromet på busshaldeplassen ope, det vert for dyrt.

Pengar kan som kjent ikkje brukast fleire gonger, og signalet frå fylkestinget er klart; heller opera for dei få enn tilrettelagde busstenester for dei mange.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!