I samband med utlysing av stillingar ved den nye skulen har det kome avisoppslag og -debattar knytte til skulen sitt verdidokument og dei krav eigarorganisasjonen stiller til tilsette. Den nye folkehøgskulen er som andre undervisningsinstitusjonar, ei verdibasert verksemd. Det bør i seg sjølv derfor ikkje vere ei overrasking at skulen stiller krav til dei tilsette om lojalitet til skulen sitt verdigrunnlag. Når generalsekretær i ImF Erik Furnes seier i media at partikontoret i FrP ikkje ville tilsett ein SV-politikar, er dette ei relevant samanlikning. At skulen har eit verdidokument med krav til tilsette er ikkje berre uproblematisk: Det er noko alle folkehøgskular, kristne som frilynde, er pålagt ved lov å ha.

Er då alt som det bør vere?

Eg meiner nei. Problemet er korleis dokumentet forstår kristelege verdiar og kva leiinga i ImF ser ut til å meine at det inneber å kommunisere kristelege verdiar.

Å drive skuleverksemd er noko vi gjer fordi vi ønskjer endring til det betre. Håp, seier den belgiske religionspedagogen Bert Roebben, handlar om å bryte isolasjon og om å våge kommunikasjon. Å gje seg ut på ein læringssti medfører kontakt og utveksling: At menneske følgjer kvarandre og utset seg for kvarandre sine tankar og meiningar. Læring skjer ikkje i einsemd. Det å håpe på dette viset er både krevjande og ei viljeshandling.

Nett då blir den einskilde si historie viktig. Dette synest Verdidokumentet for skolar i Indremisjonsforbundet å vere merksam på (pkt. 3.4.): ”Alle mennesker er skapt i Guds bilde og har derfor det samme menneskeverd. Elevene må̊ respekteres ut fra dette, selv om det kan være store forskjeller i personlige forutsetninger og sosial bakgrunn. Dette er forpliktende for alle ansatte i samvær med elevene” (jfr. imf.no).

Erik Furnes skriv i Sunnmørsposten 31.01.20 at det einaste som blir sagt om samlivsetikk i ImF-skulane sitt verdidokument er dette: «Det livslange, monogame ekteskap mellom mann og kvinne er rammen for det seksuelle samliv, og det forventes at alle lever i samsvar med dette». Det same seier tilsett ved Ålesund FHS Randi Stige Øvstebø i Sunnmørsposten 05.02.20. – Men: Etter denne setninga i verdidokumentet står det ein fotnote som viser til Handbok for bedehuset. Her blir utsegna supplert med følgjande: «Samboerskap mellom mann og kvinne, seksuelt samliv utenfor ekteskapet eller partnerskap mellom homofile og lesbiske godtas ikke i Bibelen» (punkt 9.3).

I Bygdebladet 28.01.2020 koplar Furnes dette til samfunnsnivået: «ImF ser på blant annet oppløsing av ekteskap og gjengifte, barn fødde utanfor ekteskap og homofilt samliv som ein alvorleg samfunnssituasjon». Kva dette tyder er uklart. Er det sivilisasjonen, Bibelen eller menneska det gjeld som er truga av disse faktorane? Rett nok inneber både frekvensen av og dei personlege erfaringane med samlivsbrot i Noreg (både mellom hetero- og homofile) ofte ei utfordring for både økonomi og folkehelse, og barn av aleineforsørgjarar lever gjennomsnittleg under dårlegare levekår enn barn som har foreldre som lever saman. Likevel synest det ikkje vere omsorg for den einskilde og dei helsemessige og økonomiske rammene dei lever under som er hovudfokuset når ImF sine leiarar snakkar slik om tematikken. Men i skulen er det dei einskilde vi møter!

ImF sin verdikommunikasjon har gjennom historia vore prega av å demme opp for det som blir definert «tidsånda» og tilkjennegitt redsle for «signaleffekt» dersom noko bryt med verdiane deira. Det er difor viktig å «seie tydeleg frå». Problemet er at denne type kommunikasjon sjeldan endrar noko, anna enn å skape gruppekjensle og band mellom dei som er samde i bodskapen. Hadde kommunikasjonen faktisk virka, hadde det ikkje vore sambuarar, barn av einslege foreldre eller skeive å sjå i dag! I mellomtida blir «den lille flokk» mindre og mindre.

Skulen sitt verdidokument, konteksten dette står i, og kommunikasjonen av det signaliserer i praksis at einskilde mogeleg tilsette og elevar har ein bakgrunn som gjer at desse i utgangspunktet ikkje er verd å våge kommunikasjon med – anna enn som nokon som skal snakkast til og ikkje med. Dette kan vere både media og talspersonane til ImF si skuld, men konsekvensen er den same: Det blir høyrt og oppfatta at livshistoriene til t.d. skilde, aleinemødre (og deira barn) eller skeive er noko som skal haldast utanfor den pedagogiske praksisen til skulen som anna enn noko som skal takast avstand frå. Utfallet og målet for ein kommunikasjon om desse tinga synest difor for alltid på førehand gitt. – Om det faktisk er slik i pedagogiske praksisar på ImF sine skular er noko anna. Her er erfaringane heilt sikkert delte.

Å formidle evangeliet vil seie å formidle håpet i Jesus Kristus. – Håpet vågar i seie «kom», skriv den amerikanske filosofen John Caputo, og held fram: – Utan å på førehand vite kva som skal kome. (Eller å på førehand ha bestemt seg for det, kan vi føye til). Mottoet til ImF er «Med Guds ord til folket». Guds ord, evangeliet, er ein sak og ikkje ei bok – sjølv om Bibelen fortel oss denne saka: Evangeliet om Jesu frelsesverk og hans siger over synd og daude i oppstoda inneber at det ikkje er det vi gjer som gjer oss til den vi er i Guds auge. Likevel kommuniserer ImF i denne saka at det synst omvendt.

I Dagsnytt 18 30.01.20 sa generalsekretær i Norges KFUK-KFUM følgjande om sin organisasjon sitt skulearbeid: «De av oss som er skeive, samboere, har barn uten å være gift eller er skilt og kanskje gjengift. Vi stiller alle likt i Guds øyne og er like umistelig verdifulle, og vi som medarbeidere i et arbeid med kristen forankring er like kvalifiserte.»

Det er leit at det er annleis i ImF. For den nye folkehøgskulen deira trengst.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!