Jf leiarartikkel i SMP 21/1 -21.

Nei, æra til FRP er ikkje berga.Partiet vil verte huska for at dei gjekk ut av regjering fordi ei IS kvinne med sjukt barn vende heim. Heim til rettsleg oppfølging og heim til helsemessigt omsorg for eit 4–5 år gammalt barn.

Her viser FRP veljarane sitt sanne «jeg». Dette er ikkje bra. Det strider imot gode menneskerettigheitsprinsipp. Det er heller ikkje regjeringa si oppgåve å dømme i slikt, men lytte til faglege råd.

Dette er ein flau og uverdig måte å gå ut av regjering på. Derfor så er ikkje æra til partiet berga.

Tvert imot, men vel fortent, ute av regjering.

Det vert meir uverdigt no enn før, å stemme FRP fordi dette er partiet med veljarar som mest evnar å tenke på seg og sitt og som samstundes fornektar klimakrisa. Å tenke miljø i FRP er ikkje eingong tema.

Heller, så skulle partiet ha gått ut på at dei ikkje oppnådde lavere bom- og fergetakster. Her kunne ein lett ha fremma alternativ inndekning som varetek lavtlønnte.

Men å gå ut pga. ei IS kvinne er direkte flaut. Og, for mange som ikkje stemmer FRP, så e det i eit teatralsk syn, rasande morosamt.

Vonalegt kjem partiet under sperregrensa ved kommande val. Dei er heller ikkje det fortent.

Oppslutninga til partiet vert truleg lågare enn før. Dei parti som gjeng mest fram er parti som vektar miljøsaker.