Her er tabellen som viser at du er aldeles på villspor!

Kilde: Møre og Romsdal fylkeskommune

Alle klarer å sjå at ferjeprisane går til himmels, akkurat samtidig med at du og AP, SP og resten av dei raud/grøne tok over styringa av Møre og Romsdal fylke.

I åra frå 2013 og til 2020, låg fylket om lag på same kostnaden som overføringa, ekstrakostnader på nokre samband som du svært godt er klar over, førte til at vi brukte litt meir enn vi fekk i tilskot. Dette må vi sjølvsagt finansiere sjølve, noko vi og har gjort.

Elles trur eg vi no berre kan leggje av oss kranglinga om kven som veit best osv.

Det står svart på kvitt i budsjettet kva du Kjølmoen, ditt parti AP og resten av fleirtalet har prioritert i 2020, og vidare i 2021–2022 og 2023.

Ta ansvaret for dette no, Per Vidar Kjølmoen, og slutt å klag på nokon andre som helst, eg trur dei fleste her i fylket har fått med seg at du og dine heller prioriterer opera enn ferjekostnadar.

Så kan du rope på staten så mykje du klarer.

Fylket har valt å legge si ferjedrift milevis over nasjonal ferjestandard, og samtidig innføre el-ferjer sjølv om ingen har kravd dette, då forstår alle utanom deg at dette blir svindyrt.

Hadde kanskje vore ein ide, Kjølmoen, å stilt spørsmålet til Erna om dei tok rekninga, før fylket gjennomførte dei svindyre kjøpa?

Vi i Frp tar gjerne imot meir midlar frå staten, sjølv om eg har lita tru på at verken Høgre, KrF eller Venstre kjem til å løyse denne saka på ein slik måte.

Vi i Frp har synleggjort at det er mogleg å prioritere på ein anna måte her i fylket, utan at ein behøver kutte ei krone i drifta på verken vidaregåande skular eller ferjedrifta.

Du kan berre harselere med dette, Kjølmoen, men du veit så inderleg godt at det er du som må stå til ansvar for prioriteringane dokka, og det hjelper ikkje eit komma å skulde på verken FrP eller Høgre eller andre i opposisjonen.