Den nye språklova må sikre nynorsk og nynorskbrukarane enda betre.

Regjeringa og den nye kultur- og likestillingsministeren Abid Raja legg truleg straks fram ei språklov for Stortinget. Det er historisk. Aldri før har Noreg hatt ei språklov som femnar heile den norske språksituasjonen, og framlegget til lov som har vore ute på høyring, er ambisiøst.

NYNORSK: Den nye språklova må sikre nynorsk og nynorskbrukarane enda betre, meiner leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn. Foto: Noregs Mållag

Dessverre inneheld framlegget til lov eit alvorleg trugsmål mot posisjonen til nynorsk i det norske samfunnet. Kulturdepartementet føreslår å fjerne den snart 100 år gamle plikta kvar statstilsett har til å skrive nynorsk. Blir dette gjennomført, vil det bli langt vanskelegare for kvar statsetat å gjere gode tiltak for å få til ei veksling mellom bokmål og nynorsk slik lova krev. Lovendringa vil òg svekke sidemålsordninga i skulen, som jamstillinga mellom bokmål og nynorsk i stor grad kviler på. Noregs Mållag meiner derfor at kvar enkelt statstilsett framleis må ha plikt til å bruke begge dei norske språka, med dei fritaksreglane som ligg i gjeldande mållov.

Sidan det elles er mykje bra å finne i det nye lovframlegget, er det håp om jamnare vilkår mellom bokmål og nynorsk frametter. Til dømes er det bra at fylkeskommunane kan få plikt til å bruke begge målformene, slik staten har. Det vil føre til at innbyggarar i nynorskområde vil møte meir nynorsk i kvardagen. Regionreforma kom i stand for at dei nye storfylka skulle kunne overta statlege funksjonar. Da må dei også ta statleg språkansvar. Dei nye paragrafane om fylkeskommunal språkbruk kan bli enda meir målretta for å sikre nynorsken betre – også i dei områda der han er i stort mindretal.

Noregs Mållag meiner den nye språklova må bli ein kraftig reiskap for å hegne om både nynorsk, bokmål og dei nasjonale minoritetsspråka. Vi ventar at kulturministeren sikrar at lova blir så ambisiøs at ho blir ståande som ein merkestein for ein ny og offensiv språkpolitikk i Noreg. Dit er vi på god veg, men ikkje heilt i mål.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!