Det galdt også utdanningspolitikk som ein reiskap for å byggje heile landet i tiåra etter krigen. Eit uttrykk for dette var oppfølginga av «Ottosen-komiteen», som gjorde framlegg om å etablere såkalla postgymnasial utdanning i ulike regionar utanom dei største byane. Bak dette forslaget låg ei erkjenning av at dei tre store miljøa; universiteta i Oslo og Bergen, samt NTH i Trondheim, ikkje kunne dekke behovet for studietilbod for dei store etterkrigskulla i Noreg. Frå før fanst det lærarskular, sosialskular og tekniske skular, men ikkje høgre utdanningstilbod som kunne avlaste universiteta.

Eit resultat av «Ottosen-komiteen» vart utviklinga av Distriktshøgskular, stort sett etablerte i regionhovudstader som Stavanger, Kristiansand, Bodø og Lillehammer, men også i nokre mindre bygdemiljø. Døme på dette var Volda, Bø i Telemark og Sogndal, alle etablerte på 70-talet. Volda og Bø var blant dei første DH-skulane, medan Sogndal kom til seinare på 70-talet.

Volda vart peika ut som hovudsete for DH-skulen i Møre og Romsdal, som også fekk ei grein i Molde. Fylkespolitikarane ville nok helst lagd den nye høgskulen til Ålesund eller Molde, men rikspolitikarane valde Volda, truleg fordi det her var ein tyngre utdannings- og kulturtradisjon, med lærarutdanning heilt attende til 1895, offentleg lærarutdanning frå 1924 og landsgymnas frå 1916. Høgskule i nynorskmiljø spelte truleg også ei rolle både for Volda og Bø i denne første fasen.

I dag, når distriktspolitikk klart har fått ein mindre sentral plass i den politikken som dominerer, er det interessant å studere kva denne utdanningspolitiske satsinga femti år attende har hatt å seie for kommunar, tettstader og for distrikta dei ligg i. Det må leggjast til at Høgskulen i Volda, der DH-skulen og Lærarhøgkulen vart slått saman i 1994, i dag er den einaste av desse som står åleine. Sogndal er no del av Høgskulen på Vestlandet, Bø del av Universitetet i Sør-Aust-Noreg.

Sosiologen Terje Erik Bjelle ved Høgskulen i Sogndal, som no er blitt del av Høgskulen på Vestlandet, har skrive ein viktig rapport om dette, der han har studert utviklinga ved tre av dei minste studiestadene etablerte på 70-talet: Volda, Bø og Sogndal. I 1970 var folketalet i dei tre kommunane om lag 7000 i Volda og 4000 i kvar av dei to andre.

Ved alle desse tre høgskulane har utdanningstilboda og forskingsaktiviteten som etter kvart kom i gang, i hovudsak, men med nokre unntak, vore orientert mot offentleg sektor og velferdsstaten sine behov. For Volda sin del skjedde det ei arbeidsdeling, der DH Molde i større grad satsa på økonomiske og administrative fag. Starten på 70-talet var prega av korte, 1- eller 2-årige yrkesretta studiar, men etter kvart er det også bygd opp mastergrader og dels PhD-studiar (Volda i samarbeid med Molde).

Sidan starten har dei tre høgskulane vakse nokså jamt og trutt. Bjella skriv at kvar av dei i 2019 har 3–4000 studentar (Volda størst med vel 4000) og er blant dei 10–15 største studiestadene i landet. Han syner også at dei tre høgskulane har god gjennomstrøyming av bachelorstudentar på normert tid, jamført med universiteta og resten av UH-sektoren i Noreg. Ein aukande del av studietilboda er no nettbaserte.

Kva har så dei regionale høgskulestadene å seie for sine regionar og fylke? Bjella viser at Volda jamført med dei to andre rekrutterer spesielt mange av studentane frå eige fylke. Tidlegare studiar av Gythfeldt og Heggen, basert på omfattande registerdata har også synt at dei mindre høgskulane på Vestlandet har mykje å seie for å rekruttere arbeidskraft til eige fylke, både blant «eigne» studentar og studentar rekrutterte utanfrå. For Volda sin del tyder desse funna på at høgskulen har ein viktig regional funksjon, slik målsetjinga også var i «Ottosen-komiteen».

Eit interessant spørsmål som Bjella stiller, er kva høgskuleetableringane på 70-talet har hatt å seie for dei kommunane og tettstadene dei vart lagt til. Han viser at alle dei tre kommunane har hatt ein positiv vekst i folketalet etter 1970, men Volda svakare (vel 20 %) enn landet samla (nærare 40 %), og mykje svakare enn Sogndal (over 80 %) og Bø (vel 60 %). Eit viktig spørsmål er kva som kan forklare denne ulike utviklinga. Bjella set oss kanskje på sporet av viktige forklaringar. Han nemner at vertskommunane kan ha spela ei noko meir aktiv rolle i Sogndal og Bø enn i Volda. Moderne campustenking med kopling til høgskule, næringsliv og anna lokal verksemd er drive lenger og utvikla meir bevisst i Sogndal og Bø enn i Volda, skriv han.

Eg trur Bjella her er inne på ei vesentleg forklaring. Mi eiga vurdering er at ein forelda tomtepolitikk i Volda har stogga ei utvikling der kommune og høgskule gjensidig kunne styrke kvarandre, t.d. ved utvikling av kulturhus, hotell og andre verksemder med meir. Truleg kunne kommunen også ha engasjert seg meir for å leggje til rette for utviklinga av høgskulen. Ei «gåve» frå storting og regjering som Volda fekk på 70-talet, må følgjast opp med eit kommunalt engasjement for å få full utteljing.

Spørsmålet er korleis utviklinga kan handterast i ei tid då fusjonsbølgja har nådd høgre utdanning, og interessa for distriktsutvikling er klart svekka hjå sentrale styresmakter.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!