Norsk maritim industri kan bli ein vinnar i det grøne skiftet i internasjonal skipsfart. Næringa har ein solid posisjon og det er store mulegheiter for ny, grøn verdiskaping både i Norge og utanfor våre grenser.

Suksessen kjem likevel ikkje av seg sjølv. Konkurransen er knallhard, og heile den maritime klynga må vere med på laget og stille til start.

For kvar del av maritim næring som må melde pass, er konkurransefortrinnet svekka.

Behovet for fartøyfornying internasjonalt er stort om verda vil oppfylle Parisavtalen. Den internasjonale skipsfartsorganisasjonen (IMO) har som mål at skipsfarten skal redusere sine klimautslepp med 50 prosent innan 2050, målt mot 2008.

Også dei norske klimaambisjonane er høge. I Handlingsplan for grønn skipsfart har regjeringa som mål at utsleppa frå fiskeri og innanriks sjøfart skal vere halvert innan 2030. For ferjeflåten er dette allereie godt i gang. Om få år vil meir enn 70 el-ferjer vere i fart i norske farvatn.

For nærskipsfarten ser det ikkje like greitt ut. Onsdag fekk næringsminister Iselin Nybø (V) presentert ein rapport om denne flåten frå Menon Economics. Den fortel om ei næring som gjerne vil vere med på laget, men som slit med den økonomiske forma. Snittalderen på fartøya er nær 25 år, men lønsemda er så dårleg at den hindrar fornying.

Ferjeflåten driv i eit tilnærma monopol. Fylkeskommunar og stat kan berre bestemme seg for at flåten skal vere utsleppsfri. Meirkostnaden som det offentlege ikkje dekker, blir sendt vidare til brukarane.

Slik kan ikkje nærskipsflåten gjere det. I fraktmarknaden er det open konkurranse, og stramme marginar. Her kan ikkje rekninga like lett sendast vidare til kundane, og det er ingen stat som betalar omstillingskostnadane. Marginane er stramme, og mange mindre reiarlag med høg gjeldsgrad manglar økonomisk evne til å investere i nye fartøy.

Ei storstilt flåtefornying i den aldrande nærskipsflåten kjem altså ikkje til å skje av seg sjølv. Skal vi nå klimamåla for sjøfarten, må staten bidra. I tillegg til krav til fartøy som skal trafikkere norske hamner og bidrag til støtte til forsking og utvikling, må både avgiftspolitikken og finansieringsordningane brukast aktivt.

Norsk maritim industri er godt rusta til å ta sin del av verdiskapingspotensialet i det grøne skiftet til sjøs. Skal den vinne serien, må likevel alle partar sørge for at vi startar med å vinne flest mogeleg heimekampar.