Oddvar Eidsvik lurer i sitt innlegg i Sunnmørsposten 24. januar kva det to dagars arrangementet #Heiltmitt i Sparebanken Møre Arena kosta og meiner det kan vere av interesse for innbyggarane å vite kva den nye kommunen måtte betale for arrangementa.

Svaret er ingenting. Begge arrangementa er betalt gjennom prosjektorganisasjonen som har bygd den nye kommunen. Arbeidet i prosjektorganisasjonen var statleg finansiert fullt ut. Denne organisasjonen hadde eit eige budsjett for dei 3 åra den var i verksemd. 3 millionar kroner av dette prosjektbudsjettet blei sett av til feiring og arrangement i samband med samanslåinga. Dei to arrangementa i Sparebanken Møre Arena kosta til saman – med alle utlegg, rundt 1.6 millionar kroner.

Under sjølve prosessen var det lite feiring og mykje jobbing for å få den nye kommunen opp og stå.

Ei slik markering av at vi formelt er blitt ein ny kommune er ei viktig symbolhandling, men også viktig fordi vi treng å bli kjente, vi treng å møtast og få vite om kva tilbod den nye og vidstrakte kommunen vår rommar.

På vegner av Ålesund kommune ønsker eg å takke alle som bidrog til å gjennomføre #Heiltmitt desse to dagane: Næringslivet som betalte for standar med aktivitetar for publikum, lag og organisasjonar som viste breidda i tilbodet i Ålesund, dei som selde mat på søndag og dei som bidrog med mat på måndag slik at skoleungdommane våre fekk gratis mat, dei som fleksibelt og med godt samarbeid sørga for at folk kunne kome seg til og frå arrangementet med kollektivtransport, MOT-ungdom og kulturungdom som rigga hallen opp og ned, rydda boss og stolar i fleire dagar til ende, eit profesjonelt lydrigg som gjorde at artistane fekk den hjelpa dei trengde og at publikum fekk ei fantastisk oppleving, artistane på scena, instruktørar, regissør og koordinator som heldt i alle trådar – og dei kommunalt tilsette som sat i arrangementskomiteen.

Saman skapte vi historie.

Open – Engasjert – Modig

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!