All mobbing er krenking, men ikkje all krenking er mobbing. Krenking kan vere tilsikta, men treng ikkje vere det. Mobbing er tilsikta. Eg brukar difor omgrepet ’krenking’ i det følgjande.

Det er tre opplagde problem knytte til paragrafen: (i) Kjensle eller subjektiv oppleving av krenking impliserer ikkje at krenking faktisk har funne stad. (ii) Ordlyden i paragrafen utelukkar retten til motsegn frå den som blir skulda for krenking. (iii) Skolens oppsedingsoppdrag blir undergrave.

Punkt (i) har eg drøfta i Sunnmørsposten 16.10.19: «Eit filosofisk blikk på mobbeparagrafen».

Nå står (ii) og (iii) på dagsordenen.

(A) Da referanse til elevens kjensle av å vere krenka er tilstrekkeleg grunn til å slå fast at han/ho faktisk er krenka, følgjer det at blir NN på det grunnlaget skulda for å ha krenka ein elev, er NN skuldig. Og ikkje berre dét: Da elevens kjensle av å vere krenka er einaste haldepunktet ein legitimt har, følgjer det at NN ikkje har rett til motsegn eller krav om at eleven grunngir skuldinga si.

«Mobbeparagrafen» inneber såleis eit kontant brot med eit elementært rettsstatleg prinsipp, retten til forsvar. Dét inneber at lærarar som lærarar er rettslause andsynes skuldingar om krenking. Skulding er tilstrekkeleg vilkår for reell skuld.

At lærarar krenker elevar, hender. Av dét følgjer ikkje at alle lærarar gjer det. Men slik paragrafen er formulert, er ein kvar lærar ein potensiell krenker. Overgangen frå mogleg til faktisk krenker treng berre skuldinga frå éin elev og kjensla eleven hevdar ha av å vere krenka. Har ein eller fleire elevar ønskje om å bli kvitt ein lærar, er det fritt fram. Kan tilstrekkeleg mange vise til såre kjensler og lærarens rett til motsegn ikkje eksisterer, er sjansen stor for å lykkas.

At lovgjevar har hatt som mål at paragrafen skulle hindre krenking i skolen, både frå lærarar og elevar, indikerer (i beste fall) følgjande: Overtydinga om at ein kjempar for det gode og mot det vonde, har sett evna til prinsipiell tenking ut av spel.

(B) Skolen har to oppgåver som utgjer, eller burde utgjere, ein einskap. Skolen skal vere arena (a) for formidling og tileigning av kunnskapar og kompetansar knytte til kunnskap og (b) for oppseding og såleis bidra til at elevane, som det i si tid heitte, vert «gagns menneske». At elevar skal oppsedas, vil seie at dei skal førast inn i samfunnet som sosio-moralsk fellesskap. Å vere «gagns menneske» føreset at ein har internalisert dei sosio-moralske normene i samfunnet ein skal vere deltakar i, og gjort dei til sine eigne. Dette inneber ikkje nødvendigvis ukritisk tilpassing til rådande sed og skikk: (i) sosio-moralsk kompetanse føreset tileigning av rådande normer, som (ii) samstundes er nødvendig vilkår for meiningsfull kritikk av desse normene. Utan å kjenne og forstå normene og innebørda av dei manglar ein grunnlag for reell kritikk.

«Mobbeparagrafen» sitt forbod mot å spørje om elevens grunnlag for å hevde seg krenka er legitimt, inneber ei bjørneteneste overfor eleven. Krenking er ein moralsk kategori. Utvidar ein synsfeltet, impliserer paragrafen at elevens subjektive kjensler er gyldig målestav for sosiale og moralske normer og praksisar. Kva ein sjølv føler, ikkje kva sosio-moralsk kompetente deltakarar i fellesskapet meiner, avgjer kva som er moralsk (og juridisk) rett og gale. Dette er inkje anna enn å ta frå, og i beste fall svekke, eleven – og born – sitt vilkår for å utvikle sosio-moralsk kompetanse. Har ein ikkje rett til å utfordre elevens subjektive kjensle eller oppleving, er ein samtidig fråteken retten til å konfrontere han med normative ordningar i fellesskapet skolen skal bidra til å føre eleven inn i. Var strengt private kjensler kvar einskild til ei kvar tid har andsynes handlingar og hendingar, gyldig moralsk målestav, ville oppseding vere meiningslaus. Skolens oppsedingsoppgåve krev at elevar blir konfronterte med andre perspektiv enn sitt eige og slik blir i stand til å løfte blikket og sjå seg som moralsk aktørar frå andres synsstader.

«Mobbeparagrafen» opnar for det vi kan kalle «normativ a-sosialitet». Omgrepet ’normativ a-sosialitet’ hyser ei sjølvmotseiing, tilsvarande slik ’rektangulær sirkel’ gjer det. Sosio-moralske normer og ordningar er nemleg utenkelege utan samfunn – og omvendt. Det paragrafen opnar for – at eleven utelukkande basert på ei i prinsipp strengt privat subjektiv kjensle av å vere krenka, faktisk er krenka – er difor logisk uråd. Oppleving av krenking føreset eit minimum av moralsk og sosial kompetanse, som i sin tur føreset deltaking i eit sosio-moralsk fellesskap. Kjensla av å vere krenka må difor vurderast på bakgrunn av rådande normer i fellesskapet og andre perspektiv på saka: korleis er grunnen til kjensla å forstå? Ved at paragrafen impliserer at private kjensler i prinsipp er moralsk ufeilbarlege, slik at mogleg korreksjon frå dei sosiale omgjevnadene må bli illegitim, opnar den for sosio-moralsk infantilisering. Er born tilstrekkeleg lite kognitivt utvikla og difor manglar evna til å distansere seg frå umiddelbare behov, kjensler, vurderingar og meiningar dei måtte ha, manglar dei vilkår for å sjå at andre perspektiv på ei sak er mogleg. Oppsedingas oppgåve er m.a. å føre born ut or denne tilstanden og bidra til aukande sosiale og moralske kompetansar. Dét krev at bornas forståing blir utfordra.

Blir ei handling opplevd som krenkande, spelar den krenka si normative forståing ei viktig rolle. Meiner andre at handlinga ikkje kan ha vore krenkande, må den krenka kunne grunngje at vurderinga hans, til skilnad frå dei andre si, er rett, dvs. den som høver til situasjonen. Da må vedkommande ha meir enn kjensla si å vise til. Er dén det einaste, grunngir han i beste fall kjensla med kjensla sjølv. Dét gir ikkje meining.