Min oppvekst i eit industrisamfunn har nok bevisst og ubevisst påverka meg og er i dag truleg bakgrunn for mi haldning. Vi har segla gjennom planøkonomi, marknadsøkonomi og er no i ferd med å ta for oss av sirkulærøkonomien. Vi har erfart gjennom media at CO₂, eller karbondioksid som gassen heiter, er farleg for oss.

Kva skjer? Kva skjer spør eg på ny. Vi alle har ei «sjuk mor» som me må vareta. Alle har vi særinteresser. Eg som du.

For nokre 10-år sidan var der ei næring som med si sjuke mor freista å så tvil om dei mange forskarar som fortalde at nikotin var kreftframkallande.

Klimautfordringar

Denne problematikken er så stor, kompleks og utfordrande at det er tryggast å fråskrive seg båe interesse og ansvar. Også inn i denne verda er der mange sjuke mødrer.

CO₂ er ein livsviktig og naudsynt gass for alt som har liv på jorda. Merkar du og eg at no har vi ein større konsentrasjon av denne gassen enn tidlegare?

Ikkje gjer eg det. Kanskje ikkje du heller. Kvifor alle skriveria rundt den?

Sola

Sola er livgjevande. Sola er generatoren som skaper liv og røre på planeten vår.

Når me nyt varmen så er det ikkje lufta som er oppvarma av sola. Sola med sine solstrålar varmar opp bakken. Mørke område tek til seg meir varme enn lysare område. Kvite område som snø og is reflekterer solstrålane og sender dei ut i verdsrommet igjen.

Bakken derimot er som eit batteri og lagrar denne energien frå sola. Bakken omdanna sola sine kortbølga strålar til langbølga strålar som blir sendt i retur. Desse strålane varmar opp luft molekyl ane. Hadde ikkje dette skjedd så hadde det vore lite kjekt å vere jordbuar.

Lufta vert varmare og stig til vers. Gradvis vert lufta avkjølt. Temperaturen synker i standard atmosfæren med 2 gr C per 300 meter. Kva då med CO₂? CO₂ bremser litt opp varmlufta si ferd ut.

Dette er akkurat nok til at temperaturen på bakken (og havet?) stig litt. Dette opplever me som behageleg. Vi har det varmt og godt. Vi solar oss, blir varme, sveittar, kjøler oss ned, spis is og er glade.

Men … Denne vesle temperaturstigninga er akkurat nok til at is og snø som tidlegare låg i ro no smeltar. Dette er greitt nok det. Det som no skjer er at solstrålar som tidlegare vart reflektert ut blir no lagra i bakken som igjen varmar opp lufta som igjen….

No tenker du …. Kva kan vi gjere?

Endeleg fekk eg bruke ordet empirisk. Basert på erfaring så er det heile så enkelt at vi kan resirkulere mangelvara fosfor.

Kva meina eg med det? Alt organisk avfall mjå tilbakeførast til jordsmonnet.

Papir, papp, gras, greiner, blomster, treverk, matavfall og sågar slam. (kloakk) må komposterast og brukast nær dette oppstår. Nemnde materialar vert ofte segregert og køyrt bort kva for seg. Slutt med det.

Komposten som gjødsel er betre enn gjødsel. Komposten forbrukar CO₂. Karbondioksid vert næringsrik grøde i jordsmonnet. Vi har med andre ord eit forbruk av CO₂. Komposten skaper eit negativt klimaavtrykk. Bonus med å nytte kompost er større avlingar. Jorda kan ikkje overmettast av kompost.

Nyttar ein td kunstgjødsel så må jorda kvile kvart 5 eller 6 år. Kompost er næringsrike verdiar som jorda har gitt oss. Ved å bruke kompost får vi resirkulering av mangelvara fosfor. (PH)

Tyske bønder

For litt sidan køyrde tyske bønder med sine traktorar rundt Brandenburgertor. Dette var ein protest mot eigne styresmakter. Årsaka var EU sitt krav til Tyskland at dei måtte bruke mindre kunstgjødsel. Tyskland måtte kome ned på EU sitt mål. Kunstgjødsel inneheld NO3, eller Nitrat. Nitrat er kreftframkallande og kan skade grunnvatnet. Difor restriksjonar.

Norske skular

Morgondagens leiarar kjem ut frå dagens skular. Ein tur til England avdekka interesse blant studentar for å lære om klima, miljø og kompostering. Mange universitet komposterer og dyrkar matvarer som frukt og grønt. Produksjonen er så stor at dei må ha eigne bikubar.

Ei marknadssøking fortel at kvar fjerde ungdom mellom 18 og 24 år kan tenke seg ei leiarstilling i bedrifter som tek klima og miljø på alvor. Ein kort sjekk på norske høgskular og universitet sine heimesider avdekker potensial.

Ha ein fin dag!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!