Det ser ut til at vi frå 1. april 2020 misser eit fly som går frå Oslo til Hovden klokka åtte om morgonen med retur frå Hovden klokka halv ti.

Det høyrest kanskje ikkje mykje ut å misse ein avgang frå Hovden, men eitt fly mindre til og frå Hovden betyr truleg minst 20 prosent mindre kapasitet, og det er ei dramatisk nedskjering. Dette vil gå ut over alle som reiser til og frå Ørsta Volda lufthamn – uansett om ein reiser mykje eller lite.

Det blir færre flyruter å velgje mellom, det blir heilt sikkert dyrare billettar, vi vil oftare måtte forlenge reisa med ein dag eller to, vi vil i større grad konkurrere om seteplassen med reisande frå Sogn og Fjordane og må rett og slett belage oss på at flyet oftare er fullt enn det er i dag.

Alle endringar som gjer det litt vanskelegare å kome til og frå Hovden gjer vår kvardag vanskelegare. Hovden har god regularitet – flya landar som regel på tid – men ikkje alltid på vintersdag. Det er noko vi alt i dag må ta med i vurderinga når vi skal ut og reise.

Høgskulen i Volda har 350 tilsette og 4.500 studentar. Det er fleire studentar og fleire tilsette enn nokon gong tidlegare. Samtidig heng vår region etter i utdanningsnivå samanlikna med resten av landet: Vi har færre med høgare utdanning enn dei fleste andre fylke. Vi får ikkje mindre å gjere i framtida.

For oss er det viktig å ha eit godt flytilbod for å kunne levere forsking og utdanning av god kvalitet. Dette handlar om at høgskulens tilsette kan delta og bidra på nasjonale og internasjonale arenaer og at våre studentar skal få oppleve gode gjesteførelesarar utanfrå. Det handlar også om at fagfolk som vel å busette seg på Søre Sunnmøre eller i Nordfjord ønskjer å ha gode kommunikasjonar med resten av landet – og verda.

For andre institusjonar i Ørsta–Volda området gjeld akkurat det same: For folk med høg kompetanse er flyplassen og gode rutetilbod viktig: Det gjeld for legar og sjukepleiarar på Volda sjukehus, professorarar og studentar på høgskulen og for andre tilsette på kompetansearbeidsplassar både i privat og offentleg sektor.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!