Lesarinnlegg:

«Avisombering – levering i postkasse»

Meninger

Stat eller privat.

Etter og ha vore abonnent hos Sunnmørsposten i over 50 år, har eg for ei stund sida gitt opp og få papiravisa i postkassa. Etter og ha klaga min nød over lang tid, gjekk eg til slutt over til E-avis, etter råd frå mottakaren av klagene.

At distribusjonsselskapet som har same eigar som Sunnmørsposten, øydelegg for konsernet, er ein ting. Men at dei dreg med seg andre på same lasset er verre.

Etter ein del omtale i Sunnmørsposten i haust, vart det igjen presisert at kravet til papiravisa er 07.00 levert i postkassa.

Offentleg eller privat yting

Når vi hadde berre eitt selskap som putta vår porsjon i postkassa, kunne du stille klokka etter leveringa. Men slik service kostar pengar. Sunnmørsposten starta så og ta hand om omberinga sjølv, naturlegvis for å spare pengar. Og i starten, med mange små private (til dels pensjonistar), fiksa ein jobben.

Etter litt fram og attende, har ein så enda opp med eige distribusjonsselskap i konsernet.

Posten

Etter kvart byrja staten og stille hardare krav til effektivitet, til mellom andre selskap som Posten. Og snart vart mest alle offentlege selskap omdanna til aksjeselskap. Vanleg brevpost og andre sendingar i post, har minka dramatisk, med resultat at Posten mister inntekter.

Løysinga er å legge på prisane. Det har sjølvsagt ein forsterkande spiral i seg. Neste steg var og opne for konkurranse innanfor post tenester. Etter dette forsvann enda meir av inntektsgrunnlaget til Posten.

Og når Posten svarar med reduserte omberingsdagar, for å spare kostnader, startar innbyggjarane spesielt i utkantane og klage. Mange private har så langt ikkje lukkast med slik påliteleg distribusjon.


Posten og Aktiv Norgesdistribusjon AS skal levere aviser på hverdager og lørdager

Aktiv Norgesdistribusjon AS og Posten Norge AS vant konkurransen om å levere aviser i områder uten avisbudnett og skal levere aviser på lørdager og hverdager.


Kva skal til

Tek ein på seg ei oppgåve, må ein stå for lovnaden. Kan samanlikne det med eit ekteskap. Du må med andre ord «stå for noko». Ingen lukkast utan og forstå kva det inneber. I dette tilfelle er ein avhengig av arbeidsfolk.

Dei tilsette i Posten hadde sjølvsagt greie arbeidsforhold, med løn etter kvalifikasjonar, og bilar og utstyr av skikkeleg kvalitet tilpassa oppgåva. Og pensjonar. Og for at alle nemnde kriterier skal dekkast inn, må prisen på tenesta vere rett, slik at ein dekkjer utgiftene.

Dei meir eller mindre seriøse aktørane som tek på seg nemnde oppgåver, hoppar kanskje over nokon av desse ledda, og hamnar i eit uføre, og tenesta vert ikkje utført på ein tilfredsstillande måte. I nemnde tilfelle har det heller ikkje hjelpt med klage over lang tid. Det tydar på manglande leiing.

Det finst eit gamalt uttrykk i forhold til slik verksemd; «Lov og lyg», og det er det ein i denne prosessen har halde på med over altfor lang tid.


Abonnenter på Sunnmøre får ikke papiravisa til rett tid:

Store problemer med avislevering – men nå skal det bli bedre

Henter inn avisbud fra Trøndelag og Nord-Norge for å få ut papiraviser på Sunnmøre.


Konklusjon

Vert det ikkje skipa ein organisasjon som tek vare på kravet til kvaliteten på omberingstenesta, betyr dette ein ytterlegare reduksjon av talet på leverte aviser for alle som er med på lasset.

Oppsummering

Det finst ikkje garanti for at ein lukkast godt med overgang frå offentleg til privat verksemd, vi har fleire eksempel på det.

Eitt ferskt eksempel, er utlysinga og gjennomføringa av anbodet på ambulansetransporten i NN.

Oftast skortar det på den øvste leiinga når noko går dårleg eller gale. I privat verksemd slit ein med same problemet. For når det skjer, må leiinga ha både kunnskap og gjennomføringsevne, innanfor relevante tidsfristar. Elles går det som regel skikkeleg gale.

Det er ei kjensgjerning at det er stor mangel på gode leiarar i Norge, både i private og offentlege selskap.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!