Etter mitt syn er det ein fordel å få bygt sånne samband som Herøybruene, Ålesund/Gisketunellane, Eiksundtunellen som blei ned- betalt med autopass på få år (6 år for Eiksundsambandet sin del før autopassavgifta hadde betalt ned tunellen og der blei gratis passasje).

I Sulesund og Solevågen har vi heldt på i 60 år og betalt ferjebillettar, forleden dag var eg i Spjelkavika – og for ein privatbil og to pensjonistar kosta ein tur 197 kroner, og det same tilbake.

Det er heilt på trynet at folket frå søre Sunnmøre til flyplassen og Ålesund, så må trafikken gå med ferjer til Sula noko som kostar både folket og staten milliardbeløp i året.

Hovudvegen frå søre Sunnmøre til Ålesund/Giske, burde gå inn i fjellet i Botnen i Ulstein i ein nesten flat 22 km lang tunell under Vik, Flø, Godøya til Valderhaugsfjorden – med ein veg i land på Valderøya, den andre i land på Ellingsøya/Digernesskiftet, og den tredje inn til Ålesund.

Reisetida frå Ulstein til Giske og Ålesund hadde blitt ca. eit kvarter, dei fleste ifrå Volda, Ørsta, ytre Herøy, Sande brukar i dag 20 minuttar til tunellinnslaget i Botnen, mens dei frå Hareid, indre Ulstein og indre Herøy brukar under 10 minuttar.

Garantert hadde vi kunna nedbetalt tunellen like fort som Eiksundtunellen, og passasjen hadde vore gratis for all framtid. Viss politikarane hadde gitt løyve til bygging av faste vegar, der sambanda er sjølvfinansierande då hadde epoken med ferjer over fjordane vore snart slutt.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!