Dette er verdiar og arbeid som enkelte i den offentlege debatten meiner fylkeskommunane ikkje skal halde på med, og her tar dei grueleg feil. Det verkar som dei skyt på feil blink.

I kulturlova, som forøvrig skal reviderast i løpet av kort tid, står det at «Fylkeskommunen og kommunen skal syta for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt. Med kulturverksemd meiner ein i denne lova å skapa, produsera, utøva, formidla og distribuera kunst- og andre kulturuttrykk, verna om, fremja innsikt i og vidareføra kulturarv, delta i kulturaktivitet, utvikla kulturfagleg kunnskap og kompetanse.» Eit klart mandat til fylkeskommunane om at kultur er ei lovpålagt oppgåve som dei skal prioritere.

I det offentlege ordskiftet blir det trekt fram argument som at ein kan omfordele midlar frå kultur til andre sektorar, til dømes til å redusere takstsone på ferjer. Det som mangle gløymer, til og med fylkestingspolitikarar, er at me har ein fylkesplan som legg dei overordna føringane for korleis me skal jobbe for å klare å omstille fylket, skole attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar og integrering. Kultur er eit innsatsområde, på lik linje som samferdsel og kompetanse og verdiskaping.

I økonomiplanen til Møre og Romsdal fylkeskommune for 2020–2024 kjem det fram at me brukar 3 % av driftsutgiftene totalt i fylkeskommunen til kultur, medan samferdsel og utdanning står for 82 % av dei same driftsutgiftene. I den store samanhengen, er det ikkje kulturen som skal redde fylkeskommunen sin økonomi, men den kan vere med på å byggje fylket saman slik me får eit fylke som ein kan leve i.

Møre og Romsdal brukar meir enn gjennomsnittet av fylkeskommunane til kulturformål, og mesteparten av støtta frå fylkeskommunen går til frivillige lag og organisasjonar. I ringverknadsanalysen frå Samfunnsøkonomisk analyse står det at «Uansett størrelsen er det viktig at støtten innrettes på en måte som gir mest mogleg verdi for fylket og dets innbyggere. For støtten til de halv- helprofesjonelle aktørene har det også en verdi at det skapes økonomiske verdier».

I 2019 fekk Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomført ein ringverknadsanalyse av seks kulturarrangement i fylket for å finne ut kva ringverknadar kulturelle aktivitetar i fylket kan ha. Det kjem ein ny analyse no i vår med andre kulturaktørar. I denne analysen, gjennomført av Samfunnsøkonomisk analyse, Østlandsforskning og Kunnskapsverket, såg ein på kva ringverknadar Operaen i Kristiansund, Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival, Nordic Light, Lady Arbuthnott, Herøyspelet og Giskespelet har hatt.

Satsing på kultur og et godt kulturtilbod har derfor blitt sett på som et godt verktøy for å skape og behalde et steds attraktivitet.

Operaen har relativt høge lønnsutgifter og dermed også en relativt høy verdiskaping. Denne utgjorde i 2017 18,4 millionar kroner Verdiskapingen har økt med 38 prosent sidan 2010.

Utover dei økonomiske verdiane bidreg stort sett alle aktivitetar til andre verdiar i lokalsamfunna, som ikkje kan målast i pengar, nemleg lokal identitet og stoltheit. Lokal kulturaktivitet, som fylkeskommunen er med på å stimulere, bidreg til næringsutvikling og reiselivsutvikling lokalt. Dette påverkar andre fylkeskommunale oppgåver, som til dømes busstilbod, bruk av bygg og anlegg og ferjer.

Kultur er viktig for kulturen sin eigen del, fordi den skal utfordre, den skal stille kritiske spørsmål og den skal engasjere, men også som eit mål for å skape betre og meir attraktive lokalsamfunn.

I den offentlege debatten sidan fylkestinget gjorde sine vedtak i desember 2019, har kulturen blitt ei skyteskive for enkelte. Det blir hevda at kultur ikkje er ei lovpålagt oppgåve, og det er midlar som berre kan flyttast til andre sektorar, til dømes for å endre takstsone på ferjer.

Det er ei lovpålagt oppgåve å sørge for eit levande kulturliv, som gjer at folk vil bu i Møre og Romsdal. Difor er det viktig for oss i eit kultur- og næringsperspektiv, at me klarer å berge og vidarefører kompetanse som me veit me treng for å stå på fleire bein framover.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!