På sin eigen 24-årsdag sto han på startstreken i sitt eige internasjonale stemne heime i si eiga leikegrind, Ulsteinhallen. Det kan ikkje oppfattast som noko anna enn ein hyllest til heimepublikummet som har vore med på å heie han fram.

Han har plukka verdsrekordar og prestisjetunge prisar. Han er dobbelt verdsmeister på 400 meter hekk og no jaktar han OL-gull i Tokyo i august. Men verdsstjerna gløymer ikkje plassen han kjem frå.

Fredag gjekk Karsten Warholm International av stabelen for andre gong. Eg ventar ikkje at Karsten Warholm sjølv har hatt så mykje med planlegginga av stemnet å gjere. Han låner ut namnet sitt, kjem heim, kastar glans, blir hylla og reiser igjen. Det er Team Warholm, med mor og manager Kristine Haddal i spissen, som skal ha æra for at det stjernespekka friidrettsstemne gjekk av stabelen.

Eventyret Karsten

Det var ei gong ein gut som er litt kjappare i steget enn dei andre. Kjapp i snakketøyet er han også. I ein alder av 24 år er Karsten Warholm i ferd med å bli eit ikon i internasjonal friidrett. Både på grunn av det han presterer på friidrettsbana, men også på grunn av personlegdommen sin. Han er suveren, morosam, audmjuk og sympatisk.

Warholm er edel klasse. Før han er det berre sju norske friidrettsutøvarar som har tatt VM-gull. Berre Warholm har gjort det to gonger. I fjor vant han alle løp han stilte opp i og forsvarte verdsmeister-tittelen. På Idrettsgallaen i januar henta han heim tre prisar og vart kåra til årets namn.

Karsten Warholm er historisk. Han har skjemt oss bort og gjort bragder som er fullstendig unormale for nordmann å vere. Forventningane for OL-sesongen 2020 er skyhøge. Pessimistar vil meine at Warholm har nådd så høgt at det no berre kan gå ein veg, nedover. Sjølv vender Warholm blikket oppover og jobbar knallhardt for å nå nye høgder.

Eventyret Dimna

Det var ei gong ei øy sørvest for Ulsteinvik på Sunnmøre. I bygda Dimna er det 300–400 innbyggjarar og her vart Dimna IL skipa i 1974. Dimna IL er Karsten Warholm sin moderklubb. Her har verdsstjerna vore medlem sidan han var sju-åtte år gamal.

Klubben var lenge liten, men takka vere Warholm sin suksess har den vakse seg stor. Medlemstalet har auka så mykje at det i periodar har vore ventelister for vere med. I dag er Dimna IL suverent best på Sunnmøre, ein maktfaktor i norsk friidrett og har gjennom verdsmeisteren markert seg internasjonalt.

Karsten er esset i ermet frå Dimna. Limet i klubben er Arve Hatløy. Ikkje berre har han fått fram Karsten, han har også bidrege til at det kjem mange lokale talent bak verdsstjerna. Sjølv med ein verdsmeister i rekkjene, påpeiker alle i Dimna at dei fyrst og fremst er ein breiddeklubb. Det har også Warholm sjølv fronta ved fleire høve. Han meiner at Dimna skal vere ein klubb der det er plass til alle som vil vere med, men også ein klubb som legge til rette for dei som ynskjer å bli gode.

Eventyret i Ulsteinhallen

Det var ein gong eit samarbeid litt utanom det vanlege. Verdstjerna og moderklubben går saman om eit arrangement som samla 1100 tilskodarar i Ulsteinhallen. 200 frivillige var i sving og pressefolk frå heile verda dekka det heile då Karstein Warholm International gjekk av stabelen fredag ettermiddag.

Det er lov å bli imponert, både over Team Warholm og Dimna IL, over det dei får til saman. For dette er eit fantastisk utstillingsvindauge for friidretten, ei stor inspirasjonskjelde, og det på høgt nivå.

Men eventyret er ikkje over. Først var det stemne. Etterpå var det bursdagsselskap på den lokale sportspuben, med verdsstjerner frå friidrettsverda på gjestelista. Og no er det berre å gle seg til sommar-OL i Tokyo.

Alle skulle hatt ein Karsten.