Leserinnlegg:

«Bra med bussruter over Nordøyvegen»

  Foto: Terje Engås

Meninger

Takk til Samferdelsutvalet i fylket v/Svein Ivar Aarskog som i siste Nordre la fram planar for bussavgangar frå Steinshamn til Brattvåg over Nordøyvegen, med retur-ruter, når den opnar i 2022.

Ti bussavgangar dagleg får vi, avgang frå Fjørtoft ca. kvar heile time, reisetida herifrå til Brattvåg blir om lag ein time. Og vi får fleire avgangar enn vi har no, frå Brattvåg til Ålesund.

Berre vi får minst eitt buss-skur på kvar øy no då. Vi er ikkje så få miljøvennlege menneske utan bil på øyane, vi treng framleis å beskytte oss mot ver og vind, medan vi ventar på bussen.

Er det Samferdelsutvalet som er ansvarleg for å få etablert leskur, eller kanskje Statens vegvesen?

På busshaldeplassen på Sjøholt har dei fasjonable venteskur med gjennomsiktige vegger, så folk får sitje og følgje med kva som skjer rundt, medan dei ventar. Kanskje det kunne vere noko her også?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!