Lesarinnlegg:

«Reverser rasering av vidaregåande opplæring no!»

Politikarane vedtok i desember 2019 eit kutt på om lag 100 millionar for vidaregåande opplæring.

Demonstrasjon: Fra demonstrasjonen Utdanningsforbundet arrangerte i forbindelse mot kutt i vidaregåande utdanning.   Foto: Staale Wattø

Meninger

Konsekvensar med dette drastiske og etter politikarane sine utsegn naudsynte kuttet, vart nedlegging av utdanningstilbod, nedlegging av Vanylven vgs., omfattande debatt av skulestrukturen, overtal av lærarar, flytting og nedskjering av enkelte andre utdanningsprogram. Kort sagt det Utdanningsforbundet har karakterisert som ei rasering av vidaregåande opplæring.

Utdanningsforbundet sine medlemer gjekk til politisk aksjon samt avisinnlegg og uttale i media. Vi åtvara sterkt mot den utviklinga for vidaregåande opplæring vi såg kome.

Så kom kontrabeskjeden denne veka! Møre og Romsdal fylkeskommune noterte tidenes overskot på over kr 300 millionar for 2019!


Frank Sve (Frp) meiner skular kunne ha vore spart:

Vil ha ekstern gransking av fylkesøkonomien

Meiner skular kunne ha vore spart:


Å få servert dette resultatet gir oss grunn til å stille store spørsmål ved kva for styring politikarane har når det gjeld drift av fylkeskommunen sine tenester. Det gir ein beisk bismak når vi tenkjer tilbake til fjoråret og dei drastiske kutta som vart gjort i utdanningssektoren. Kutt som vil få konsekvensar for unge sin rett til eit likeverdig opplæringstilbod, og samtidig vil auke tala i fråfallsstatistikken. Utdanningsforbundet meiner at vedtaka gjort av fylkestinget er ikkje noko mindre enn ein tragedie for vidaregåande opplæring

Vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal har drive svært kostnadseffektivt med gode resultat i mange år. Trass i at vi har ein desentralisert skulestruktur, er store på yrkesfag, og gir eit breitt tilbod på det politikarane vel å kalle dyre utdanningsprogram som MDD.


Tilsette og elevar på Haram vgs reagerer med sjokk:

– Det er flaggskipet vårt dei vil legge ned


Likevel valde eit fleirtal i fylkestinget å skjære kraftig ned i budsjetta til skulane!

No ser vi at dei same politikarane heller ikkje vil bruke noko av dette enorme overskotet til å rette opp den skaden dei har påført vidaregåande opplæring. Dei hevdar at det er for seint å snu, noko Utdanningsforbundet er sterkt usamde i.

Utdanning og opplæring er ei av dei viktigaste oppgåvene til fylkeskommunen. Elevar i vidaregåande skular har rett til å få sin del av overskotet for å kunne sikre eit godt og likeverdig opplæringstilbod!

Politikarane har no høve til å reversere dei kutta dei såg seg nøydde til å gjere i 2019.

Utdanningsforbundet forventar at dei grip denne sjansen!


Skulekutt

Trur ikkje ungdomane vil flytte

Ungdomane ynskjer ikkje å flytte frå heimemiljøet, då vel dei heller andre fag.