Sveits har om lag same storleik som Trøndelag fylke.

Sveits er oppdelt i 26 kantoner (fylke). Heile Norge har etter samanslåingane11 fylke.

Sveits har meir enn 2200 kommunar, det er ikkje feil, meir enn 2200 kommunar.

Her er tal som syner kor store eller rettare sagt små kommunane i Sveits er.

Kun 30 kommunar, 1,1 % av kommunane i Sveits har eit folketal som er over 20,000. 3,2 % av kommunane har eit folketal mellom 10 000 og 19.999. 6,6 % av kommunane har eit folketal som ligg mellom 5000 og 9999. 37,4 % av kommunane har eit folketal som ligg mellom 1000 og 4999. 20,3 % av kommunane har eit folketal som ligg mellom 500 og 999. 31,4 % av kommunane har eit folketal som er under 500.

Argumenta frå makta i Norge, som mange bit på, er at det er for mange kommunar i Norge, og at kommunane er for små til å levere gode tenester.

Sjå til Sveits der er det gode tenester på alle område, Sveits har ein svært god økonomi, dei har mellom anna verdas høgaste timeløn, dei er ikkje medlem i EU, dei har ikkje EØS avtale, men dei har lang større eksport enn Norge til land i EU, og det utan å flyte på eksport av gass og olje.

Hadde argumenta om storleik på kommunar, og kor viktig EØS avtalen er frå sentralisering og avdemokratiserings tilhengarane i Norge vore rett burde Sveits som ikkje medlem av EU, ikkje ha EØS avtale og med sine mange fylke og kommunar levere dårlege tenester, ha dårleg økonomi, dårleg demokrati, og eksporten burde vere elendig

Men ikkje minst har Sveits eit godt demokrati, og eit samfunn der alle innbyggarane er rekna for å vere like mykje verdt, det syner den store bruken av bindande folkerøystingar.

Talet på kommunar i Norge burde vere høgare, ikkje lavere

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!