Turistar: Turismen er blitt ein av Norges største eksportnæringar og er også verdiskaping og gir oss valutainntekter, seier artikkelforfattaren.  Foto: Staale Wattø

Kronikk:

«Myter om verdiskaping»

Det vert skrive mykje om verdiskaping i innlegg i aviser og på sosiale mediar. Men det er dessverre mykje synsing og lite fakta som kjem fram.

Ofte er det lokale skribentar, eller særinteresser i industrien som hevdar at det er produksjonen i distrikta, og då spesielt eksporten, som finansierer sentrale strøk som Oslo.

At produksjon av fysiske varer, og då spesielt varer som vert eksporterte, er viktigare enn produksjon av tenester, og at privat sektor åleine finansierer eller legger grunnlaget for offentleg sektor.

Dette er mytar som dessverre ikkje blir meir rett uansett kor mange gongar dei vert hevda, i beste fall skuldast det manglande kunnskap om samfunnsøkonomien.

Det er t.d. direkte feil å seie at industrien som produserer medisin og helsemateriell skaper verdiar, medan det offentlege helsevesenet som sørgjer for at folk får medisin og pleie ikkje gjer det, eller at frisøren som klipper folk ikkje skaper verdiar, medan industrien skaper verdiar når han produserer saksa eller stålet saksa er laga av.


Første båt i år – sjekk cruiselista for 2020:

2020 blir tidenes cruise-år i Ålesund

Nok folk til å fylle Color Line Stadion over 40 ganger. Så mange cruiseturister ventes til Ålesund i år.


Eit anna døme er at skipsindustrien som byggjer hurtigruter skaper verdiar, medan selskapet som driv båtane med turistar om bord ikkje gjer det. Hadde det ikkje vore eit auka behov for å reise på cruise, eller auka behov for turisme, hadde det ikkje blitt bygd slike båtar.

Turismen er blitt ein av Norges største eksportnæringar og er også verdiskaping og gir oss valutainntekter. Og for å slå det fast: Ein offentleg skule eller barnehage skaper like mykje verdiar som dei private. Produksjon av kompetanse og tenester er like mykje verdiskaping som produksjon av varer i ein moderne og velutvikla økonomi.

For å rekne ut verdiskapinga tek ein utgangspunkt i bruttoproduktet. Bruttoprodukt er definert som «økonomisk meirverdi opptent gjennom innanlandsk produksjonsaktivitet i ei næring eller sektor (eller totalt for alle næringar/sektorar), avleia og definert som produksjon minus produktinnsats.


Kronikk:

«Verdien av kultur»

Kulturlivet i Møre og Romsdal er mangfaldig, det utfordrar og det gjev oss som innbyggjarar ei kjensle av at me høyrer heime ein stad.


Bruttoprodukt vert publisert i basisverdi, dvs. at produktsubsidiar er inkludert, men ikkje meirverdiavgift eller andre produktskattar (sjå basisverdi). I offentleg forvaltning og annan ikkje-marknadsretta verksemd vert bruttoproduktet bestemt som sum lønnskostnader, netto produksjonsskattar og kapitalslit».(SSB.no)

Verdiskaping går føre seg så lenge det blir produsert varer og tenester som det er behov for. Og behova endrar seg heile tida. For å få produksjon må vi ha konsum, nokon som er villig til å betale for vara eller tenesta. Og verdiskaping skjer både i offentleg og privat sektor, i industri og i tenesteyting.

Det vert hevda at årsakene til høg verdiskaping i Oslo og andre sentrale strøk skuldast at mange bedrifter har hovudkontora sine der. Det er heller ikkje rett. Dei fylkesfordelte BNP-tala frå SSB tek no høgde for det. SSB fordelar omsetjing, lønnskostnader, driftskostnader og investeringar på alle produksjonseiningane, inklusiv hovudkontoret.

Ein annan påstand er at vareproduksjon og eksport, uavhengig av om den vert selt innanlands eller til utlandet, av ein eller annan grunn har høgare verdiskaping enn produksjon av tenester. Det er heller ikkje rett.

Ein konsulent busett i Oslo som sel sin kunnskap til ei eksportbedrift i Nord Norge eller på Vestlandet for 1 million kroner, gir ei like høg verdiskaping som ei bedrift som eksporterer varer til ein verdi på 1 million kroner direkte til utlandet. Og når det gjeld oljen som ligg i havet, vert den ikkje fordelt på fylka i statistikken for fastlands- BNP, som er fylkesfordelt i SSB sin statistikk. Oljeaktivitet på land derimot er inkludert i tala, noko som gjer at fylke som Rogaland og Hordaland har eit høgare BNP per innbyggar og per sysselsett enn snittet for landet elles.

Eksportinntekter treng vi for å betale for importen. Vi bør over tid ha balanse eller overskot i utanriksrekneskapen, og det har vi hatt i Norge i mange år. Så lenge vi har eit Oljefond på over 10400 milliardar, store overskot på utanrikshandelen og har store valutareservar skal vi ikkje uroe oss for valutainntektene, sjølv om olje og gassinntektene vil bli reduserte i tida framover.

Ein annan påstand er at Oslo si verdiskaping er kunstig høg fordi staten sine verksemder er lokalisert i hovudstaden.

I Oslo utgjorde offentleg forvaltning (statleg og kommunal) i 2010 om lag 16 % av bruttoproduktet i hovudstaden, medan det i Troms hadde ein andel på 33 %. Det som gjer at Oslo har høgt bruttoprodukt per sysselsett i Norge, tett følgt av Rogaland, Akershus og Hordaland, er at hovudstaden har ein stor del tenestenæringar (t.d. finans og eigedom) som har høgt bruttoprodukt per sysselsett.

Dei har ein del «produksjon som vi er villige til å betale godt for». Oslo har også, om vi ser bort ifrå Olje og gass, høgast eksport av alle fylka, og nesten alt er eksport av tenester.

Om ein ser på den materielle levestandaren i ulike land, er det slik at land med høgast andel tenesteproduksjon og lav andel av primær og sekundærnæringar som har høgast materiell levestandard.

Utviklinga dei siste åra viser at det er tenestesektoren og ikkje den vareproduserande sektoren som driv den økonomiske veksten og verdiskapinga både i Norge og andre industriland. I desse landa har det i det siste vore eit fall i varekonsumet og vekst i tenestekonsumet. Den utviklinga vil nok fortsette og kan også vere bra om ein tenkjer på klimaeffekten.


Haramskonferansen 2019:

– Vi er i ferd med å tape som region og nasjon

Det sier Inger Marie Sperre, daglig leder i Brødrene Sperre. Hun frykter at dårlige rammebetingelser for fiskeindustrien får konsekvenser for hele regionen.


Og ja, mat er viktig. Men ingen rike land svelt, for mat kan kjøpast internasjonalt, og i Norge har vi dessutan overproduksjon av t.d. svin og storfe. I industrien gjer automatiseringa og bruk av robotar at vi kan produsere stadig større mengder varer utan å auke talet på sysselsette tilsvarande.

Når det gjeld fastlandseksport av varer så viser dei tala frå SSB berre halve sanninga. Varer utgjer berre 50 % av dei totale eksportinntektene, medan tenestedelen utgjer ein stadig høgare del av eksporten. Til dømes kan dataindustrien åleine om 10 år ha høgare verdiskaping enn olje og gass. Denne omstillinga og utviklinga vert nok berre forsterka i åra framover.

Desse mytane om verdiskaping vert ofte brukt når ulike særinteresser frå ulike næringar eller politikarar skal framheve sin eigen landsdel. Vi skal vere litt patriotar. Vi har mykje å vere stolte av her i distriktet og langs kysten som er verdt å jobbe for og utvikle vidare, men vi må halde oss til fakta.

Det som er viktig å få fram er at det er behova og marknaden som bestemmer kva og kor mykje som skal produserast, og dermed den totale verdiskapinga.