Leserinnlegg:

«Ho er berre litt uvel»

Akkurat som romtemperaturen på kontoret du sit i, er ofte både symptomsjekk og helseutstyr tilpassa menn.

Camilla Strandskog og Mari Holm Lønseth (H), stortingsrepresentantar og medlemmar av helse- og omsorgskomiteen.  

Då hjelpemiddelet «Siri» blei lansert, var ho i stand til å finne stader du kan kjøpe Viagra, men ikkje i stand til å finne vegen til eit valdtektsmottak.

Camilla Strandskog og Mari Holm Lønseth
Meninger

Difor er vi glade for at regjeringa no set kvinnene si helse på dagsorden, gjennom ein ny offentleg utgreiing av kvinnehelse.

Ein av dei vanlegaste dødsårsakene blant kvinner er hjarteinfarkt. Men visste du at symptoma på eit infarkt kan arte seg ganske ulikt mellom kvinner og menn? Tyngdekjensle i brystet, kvalme og sveitte kan like godt vere teikn på eit hjarteinfarkt. Ho var kanskje ikkje berre litt uvel?

Når ein først får behandling er det med hjartemedisin som i hovudsak er laga for menn. Då hjartemedisinen som brukast i Noreg i dag blei utvikla, blei den i stor grad testa ut på menn.

Ein av hovudgrunnane til at helsetenesta for kvinner er dårlegare enn menn si er fordi vi ikkje har nok medisinsk kunnskap. I forskinga er det framleis i hovudsak mannen sin kropp som er norm.

Dette gjev oss to problem. For det første har sjukdommar som oftast råker kvinner tradisjonelt fått mindre merksemd. For det andre er det også slik at kvinner og menn kan ha ulike symptom på same sjukdom. Ofte kan meir diffuse symptom føre til at kvinner fell mellom to stolar, og ikkje får den helsehjelpa dei treng.

Difor er vi glade for at regjeringa den fjerde mars annonserte at dei set i gang ein ny offentleg utgreiing (NOU) om kvinner si helse. Det er viktig for å finne skilnader, og sette lys på kvinner si fysiske og psykiske helse.

I tillegg må vi halde fram satsinga på forsking på kvinner si helse gjennom Forskingsrådet. I 2017 blei det utlyst 60 millionar kroner til forsking på kvinnehelse gjennom Forskingsrådet. I 2013 var 35 prosent av sjukehusa sine forskingsprosjekt leia av kvinner. I 2017 hadde andelen auka til 52 prosent.

Det er for tidlig å seie noko om resultata, men prosjekta vil gje oss meir kunnskap om psykisk helse, helsa til innvandrarkvinner, kreft og svangerskap/fødsel.

Du les kanskje dette innlegget på en iPhone. Den er utvikla for ein mann si hand, og då hjelpemiddelet «Siri» blei lansert, var ho i stand til å finne stader du kan kjøpe Viagra, men ikkje i stand til å finne vegen til eit valdtektsmottak.

Problemstillinga stikk djupt, men vi må begynne med helsa vår. Vi kan ikkje akseptere at helsa til kvinner behandlast på mannen sine premiss. Vi må forske meir på kvinnehelse. For mi og di helse, og for vår skattefinansierte felles velferd.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!