Lesarinnlegg:

«Klimadugnad og god distriktspolitikk»

For å avgrense den globale oppvarminga må Noreg og andre land omstille samfunnet og ta store kutt i klimagassutsleppa.

  Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Vegtransporten kan ta ein stor del av utsleppskutta, og til ein overkommeleg kostnad.

Kristin Sørheim
Meninger

Vi må gjere det i håp om at det kan vere leveleg på kloden for mange framtidige generasjonar. Og så er det andre miljøutfordringar som må takast på same alvor, som å sikre reint vatn, rein luft og ikkje minst biologisk mangfald på land og til havs. Og å produsere mat til eiga befolkning på lokale ressursar.

Vegtransporten kan ta ein stor del av utsleppskutta, og til ein overkommeleg kostnad. Auka bruk av avansert flytande biodrivstoff, elektrifisering av personbilar og bybussar, elektrifisering eller hydrogen og betre logistikk i lastebiltransporten og nullvekstmål for personbiltransporten er gode forslag i Klimakur. Det vi krevje utbygging av ladestasjonar. Det viktigaste tiltaket for å nå nullvekstmålet, er byvekstavtalane. Difor bør regjeringa sjå til å ta med byar som Ålesund i denne ordninga. Byvekstavtalane kan ha mange andre fordelar, som betre folkehelse, mindre behov for nedbygging av areal til veg, betre og billegare kollektivtrafikk og betre bymiljø.


Første by i Norge:

Så bærekraftig er Ålesund, Sula og Giske – etter FNs kriterier

Vi bruker enormt med strøm og vann, og har mye å gå på når det gjelder sykkel og kollektivtransport. Det er noe av det den første FN-rapporten om Ålesund viser.


Tiltak på ferjer og hurtigbåtar kan gje over 2 mill. tonn CO₂-ekvivalentar i «bokført» utsleppsreduksjon. Likeins vil landstraum for skip gje store utsleppskutt. Både biodrivstoff, ammoniakk og hydrogen kan gje store utsleppskutt, men teknologien og tilgangen på energien er i startgropa enda, og difor kostbar. Ein må ha verkemiddel som kan redusere kostnaden for null- og lågutsleppsløysingar, eller auke kostnaden for konvensjonelle fossile drivstoff for å gjere miljøløysingane attraktive. Og ein må stille krav ved offentlege anbod for å skape ein marknad.

I Møre og Romsdal har vi starta klimadugnaden med å bestille null- og lågutslepp på dei største ferjesambanda våre, og vi gjer det på bybussane etter kvart. Vi tek store klimakutt der det er enklast og kostar minst. Sjølv om det har ført til auka ferjekostnader, ville kostnaden for samfunnet Møre og Romsdal vore større ved å ta kutta i andre sektorar. Det er også bra for næringslivet vårt å vere i front når det gjeld konstruksjon, bygging og drift av den nye generasjonen ferjer, båtar og kanskje bussar, som har lite utslepp av klimagassar og stor grad av autonomi og digital styring.


Ferjefylkene i møte med regjeringen

Ingen løfter om mer ferjepenger

Ingen av de fire statsrådene som stilte på møtet om ferjeprisene kom med løfter om penger i revidert budsjett. Fylkene har nå fått frist til 15 mars for å sende inn mer detaljert informasjonen om hva det koster å drive ferjer.


Det er berre ein stor hake, og det er kostnaden for dei som brukar ferjene og båtane og bussane. Det kan ikkje vere slik at kystbefolkninga skal ta ein større kostnad med samfunnsomstillinga enn andre. Her er kryssing av fjord og sjø like nødvendig som veg.

Vi må ha eit godt ferjetilbod og sleppe å stå timevis på «raudt lys», dvs. at det ikkje går ferje. Kystfylka leverer størstedelen av verdiskapinga i landet. No er det tid for at storsamfunnet betaler tilbake noko av overskottet slik at ferjekostnaden blir til å leve med.

Vi greier ikkje å skape økologisk berekraft utan sosial og økonomisk utjamning. Vi veit at høge ferjeprisar er «katastrofe» for busetting og næringsliv mange stader i vårt fylke. Det er også difor vi no ikkje vil gje oss før vi får forståing for at staten må bruke og fordele pengar annleis når det grøne skiftet skal gjennomførast. Vi må finne andre måtar å finansiere veg og ferje og båt på, slik at byrder og gode blir rettferdig fordelt.


Leserinnlegg:

«Visjoner for bærekraftig transport»

Norge har en vid naturgitt infrastruktur for sjøtransport med store investeringer i farleder og havneanlegg. 


Senterpartiet vil halde fram å arbeide for at det ikkje skal koste meir å ta ferje enn å køyre på vegen, samtidig som vi gjennomfører omstilling i transportsektoren. Det er både god distriktspolitikk og nødvendig klimadugnad.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!