Leserinnlegg:

«Takk for god bruk av nynorsk»

Det gler verkelege eit nynorsk språkhjarte å lese dette.

Ragnar Elias Bakken
Meninger

Ei vakker brosjyre låg i postkassa her om dagen. boda sine som vi som framtidige gjester kan velje mellom. Eg blar meg gjennom heftet og oppdagar raskt at alt innhaldet er på nynorsk.

Det går altså an å kontakte framtidige gjester på vårt eige språk slik det er nytta mellom folk både i Geiranger og i bygdene rundt.

Eg går språket nærare etter i saumane. Hotellet har nytta ei god og ledig nynorsk språkdrakt. Det gler verkelege eit nynorsk språkhjarte å lese dette.

Dei aller fleste verksemder også her i nynorskland, nyttar i stor grad bokmål gjerne ispedd ein porsjon engelsk. År attende tok eg denne utfordringa opp med verksemder som rimelegvis burde nytte nynorsk.

Kvifor ikkje annonsere og reklamere på nynorsk? Svara eg fekk kan samlast og oppsummerast slik: Nynorsk er tungvint å bruke og vert dårleg motteke mellom folk flest!

Eg vågar å vise til hotellbrosjyra. Eit betre eksempel på at nynorsken fungerer, er vanskeleg å finne. Eg tek med nokre små glimt: «Til sommaren kan du flyge gjennom verdsarvlandskapet og klatre Via Ferrata i turistbygda. – Hausten er den perfekte tida for å kome seg på tur, Geiranger er eit unikt utgangspunkt for korte og lengre utflukter. … Vinteren i Geiranger har ein heilt eigen sjarm. Det er store kontrastar mellom det yrande livet i sommarmånaden, og stillheita og roa om vinteren….»

Eg har ingen svær pris å dele ut. Nokre gode og rosande ord får vere takka for at denne turistverksemda ser det rett å nytte vårt eige og kortreiste språk i si marknadsføring.

Eg oppmodar alle våre mållag og særleg Noregs Mållag til å gje ei rose eller to til Union Hotell i turistbygda Geiranger. Dette kan gjerne smitte over til mange fleire av våre verksemder til å nytte NYNORSK i si marknadsføring. Eit eksempel det står respekt av!


Kronikk:

«Godt norsk språk – identitetsmerke eller tidstjuv?»

Ei ny språklov skal leggast fram for stortinget i nær framtid. Vi er mange som er spente. Nokre av oss er også urolege.



«Å overlate stafettpinnen til ein atterkomen målven er noko me utelukkande gler oss over»

Verdas nest største nynorskby gratulerer Ålesund som verdas største

Men byen som mista statusen tek ikkje det så tungt.



Så var Ålesund en nynorskkommune

Nå er det offisielt: Ålesund er en nynorskkommune. Men særlig store omveltninger blir det nok ikke.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!