Sunnmørsposten meiner:

«Forsvarleg drikkevatn må sikrast for framtida»

Drikkevatn: Utette vassleidningar aukar risikoen for forureining og sjukdom. Målingar viser at Ålesundregionen har store utfordringar på dette området.   Foto: Hanna Relling Berg

Derfor er det avgjerande å skape forståing for at dette er nødvendige investeringar

Meninger

Det er mangt vi kan klare oss utan, men reint drikkevatn er vi heilt avhengig av. Å sikre reint og forsvarleg drikkevatn må derfor ha aller høgast prioritet.

Byregionen Ålesund, som omfattar nye Ålesund, Sula og Giske, er den første by i Norge som er blitt vurdert opp mot FNs kriterium for smarte og berekraftige byar. Når det gjeld vass- og avløpstenester scorar Ålesund berre middels bra, og det er ikkje tilfredsstillande. Rapporten viser at Ålesund har eit vasstap på 32 prosent. Det betyr at for kvar liter vatn som kjem ut av vassbehandlingsanlegget har det lekka ut 3 desiliter før vatnet når forbrukaren. Det er enormt. Forbruket per innbyggar i Ålesund er på 560 liter vatn per dag. Omfattande lekkasje på leidningsnettet fører til store unødvendige kostnadar. Det mest alvorlege er likevel at utette røyr aukar risikoen for forureining og sjukdom. Sjølv om kvaliteten på drikkevatnet er god i dag, kan vi ikkje ta for gitt at den alltid vil vere det.


Første by i Norge:

Så bærekraftig er Ålesund, Sula og Giske – etter FNs kriterier

Vi bruker enormt med strøm og vann, og har mye å gå på når det gjelder sykkel og kollektivtransport. Det er noe av det den første FN-rapporten om Ålesund viser.


Etter at drikkevatnet i Askøy kommune vart forureina med E. coli-bakteriar i fjor sommar, fekk Mattilsynet og Folkehelseinstituttet i oppdrag å undersøke tilstanden til norsk drikkevassforsyning. Dei konkluderte med at Norges største utfordring for vasstryggleik er gamle og dårlege vassrøyr. Det må det gjerast noko med.

Tek vi vatnet for gitt, og er styresmaktene førebudde på kriser? Det er spørsmål som blir stilt i ein god og informativ kronikk i Sunnmørsposten 4. mars, signert Razak Seidu, professor ved NTNU Ålesund, Bjørn Skulstad, Ålesund kommune og Kristian Fuglseth, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Trioen kjem med ei klar oppmoding til Ålesundsregionen om å sette i gang tiltak for å sikre best muleg bruk av vassressursane framover.

Alle kommunar på Nordvestlandet må ta tilstanden i vass- og avløpsnettet på høgaste alvor. Vi må sikre at også framtidige generasjonar har forsvarleg drikkevatn. Forskarteam ved NTNU Ålesund er i gang med å finne nye løysingar for å kartlegge vasskvalitet og hindre lekkasjar frå leidningsnettet i samband med Smartby-prosjektet. Dette er eit svært viktig arbeid. Mange kommunar må rekne med høge kostnadar i samband med utskifting av gamalt leidningsnett for vatn og kloakk. Derfor er det avgjerande å skape forståing for at dette er nødvendige investeringar.


Kronikk

Professor: Vannressursene våre er mer sårbare enn de fleste tenker over

På Vestlandet, hvor regnet høljer ned store deler av året, veier skylles vekk av oversvømte elver og vi har rent vann i kranen døgnet rundt, er det lett å tenke at drikkevann er en utømmelig og nærmest gratis ressurs. Tar vi vannet for gitt?



Færre har tillit til at kommunen leverer trygt drikkevann

Tilliten til at norske kommuner og vannverk leverer trygt drikkevann, faller, viser en ny undersøkelse.