Og dette er menneske.

Slik problemet vert framstilt, høyrest det mest ut som eit jordras, kor skadar må førebyggast og avgrensast, masser haldast på avstand. Men dette er ikkje eit brått oppstått problem.

Dette er menneske!

Dette er folk, personar, enkeltindivid. Familiar, barn og vaksne, single, vener. Dette er folk som EU, Hellas og Tyrkia kastar som ein badeball over sjøen, og pratar om som eit problem som må haldast på avstand. Men dette er folk!

Problemet ligg ikkje på grensa mellom Tyrkia og Hellas. Problemet ligg ikkje på grensa mellom Europa og Midt-Austen. Problemet ligg i at desse menneska ikkje finn tryggheit i heimlandet sitt, og ser seg nøydde til å reise derifrå. EU løyser ikkje problemet ved å betale Tyrkia for å hindre flyktningane i å krysse grensa. Desse menneska, gjerne referert til som «problemet», er nøyaktig like sårbare, nøyaktig like fordrivne, nøyaktig like lite i stand til å hevde sine eigne rettar, same om dei er i Tyrkia eller i Hellas. Problemet er ikkje ei folkemasse som må haldast på avstand.

Problemet er at desse menneska er på flukt, og at dei ikkje får den hjelpa som vi har bestemt og stadfesta at FNs menneskerettar krev for dei.

Dei siste vekene har frivillige organisasjonar på Lesvos vore utsette for ei rekke angrep. Dette tilspissa seg førre helg. Frivillige arbeidarar vart angripne av ei gruppe høgreekstreme grekarar. Organisasjonen eg jobbar for, vedtok først å ikkje sende folk på jobb dagen etter angrepa, og vedtok så mandag midlertidig å avbryte all aktivitet som dei har vore med på å drifte i Moria dei siste fire åra. Alle vi som er tilknytt organisasjonen, har fått beskjed om å halde oss innandørs.

Lokalbefolkninga har levd med alle endringane av denne flyktningkrisa utanfor stoveglasa i fleire år. Tolmodet deira er strekt til det ytterste, overfor eigne politikarar og eiga regjering, overfor EU, overfor Tyrkia, overfor frivillige og flyktningar, overfor manglande turisme, overfor avlingar som vert stolne, overfor nye båtar med nye folk som stadig kjem i land, osv.

I dag (mandag 2. mars, red. anm) er det offentleg høgtidsdag i Hellas (i samband med fastetida). Dei fleste vil berre ha ei tradisjonell feiring, men med den spente situasjonen vert det vanskeleg. Eg trur nok det fører med seg endå høgare frustrasjon.

Eg sit no i leilegheita mi på Lesvos. Militæret har ei skytebane rett på andre sida av bukta.

Det er ikkje uvanleg at vi høyrer skyting derifrå. Likevel reagerte vi i dag då vi høyrde skot. I går kveld høyrde vi avdempa dunk, som vi kom fram til måtte vere tåregass.

Vi visste at veien var sperra av sinte demonstrantar, ein knapp kilometer frå leilegheita vår (i motsett retning av skytebana, og då motsett retning frå der vi ser). Vi veit også at gresk politi fort tyr til tåregass.

Knapt 10 minutt etterpå las vi om «skyteøvingar» som militæret nett har annonsert vil foregå langs heile austkysten på øya (altså heile kysten mot Tyrkia), og som vil halde på jamt, inntil vidare. Ikkje berre lauskrut og gummikuler, men ekte kuler og ammunisjon. Det er akkurat det dette høyrest ut som også.

Så no sit eg her, og har ein roleg dag med potetgull og sjokolade på sofaen, pålagd å halde meg innandørs, og høyrer skot bli avfyrt nokre hundre meter frå huset. (Pålegget om å halde meg innandørs er forresten ikkje pga. denne skytinga, berre så det er avklart. To ulike grupper, to ulike mål.) Det heile er trass dette temmmelig udramatisk frå mitt perspektiv. Eg er ikkje redd for min eigen tryggleik, og har heller ikkje tenkt til å utsetje meg for noko.

Men: Dette er Europa! I fredstid!

Kvifor risikerer titusenvis av menneske livet ved å krysse landområde eller havområde, som i utgangspunktet ikkje er farlege, men som er det fordi vi set opp alt vi kan av hindringar?

Kvifor sit titusenvis av menneske «fast» i månadsvis og årevis, medan vi byråkratiserer oss fram til kor vidt dei er sårbare og har rett på vern eller ikkje?

Kvifor har det gått så langt at frivillige vert angripne for å prøve å bistå ein situasjon som europeiske styresmakter unisont nektar å ta ansvar for?

Kva er det vi held på med?!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!