Regjeringa vil ha slutt på lønnsfesten for leiarar i staten, og set tak på den samla lønsveksten for 240 leiarar i år.

Denne gruppa av leiarar skal ikkje samla få høgre lønsvekst enn det som blir resultatet i frontfaga, altså i konkurranseutsette næringar.

Ei slik innstramming er fornuftig og viktig, men burde omfatte fleire.

I fire år på rad no har lønsveksten i stat og kommune vore godt over lønsveksten for tilsette i industrien. Og leiarane i det offentlege har slett ikkje vore nokre festbremser. Tvert imot.

Leiarar i staten sitt leiarlønssystem hadde i fjor ein lønsvekst på 3,6 prosent. For frontfaga var den på 3,2 prosent. Ser ein ut over denne vesle gruppa av leiarar, slik som departementsrådar og leiarar i ulike direktorat, er spriket større.

Tal frå SSB syner at 900 toppleiarar i staten hadde ein lønsauke på heile 4,8 prosent i fjor. Det store fleirtalet av desse leiarane blir altså ikkje omfatta Regjeringa sitt lønstak.

Diskusjonen om lønsutviklinga for leiarar i staten er slett ikkje ny. Det gjeld både leiarar i helseføretaka, i statleg forvaltning og ikkje minst i statleg eigde selskap.

Seinast før jul i 2018 slo Riksrevisjonen fast at leiarlønningar og styregodtgjersler i 45 statlege selskap auka langt meir enn den gjennomsnittlege lønsveksten i samfunnet. Nesten utan unntak var dette leiarar som hadde høgre løn enn statsministeren.

Ti år tidlegare påpeika Riksrevisjonen at leiarlønningane i statleg, heileigde selskap hadde auka dobbelt så mykje som for leiarar i privat sektor på dei fem føregåande åra. Den gong vart det også lova at denne lønsveksten skulle bremsast.

Sjølvsagt må staten kunne tilby løner som er konkurransedyktige. Det gjeld både for leiarar og for vanlege tilsette som har sitt arbeid i ein sjukehuskorridor, ein politibil eller hos NAV. Enkelte år kan det sikkert også vere gode argument for at tilsette i offentleg har eit etterslep å ta att, men det må aldri verte slik at stat og kommune blir lønsleiande.

Når vi ser på statistikken for dei seinare åra og på den stadig tilbakevendande debatten om statlege leiarløner, er det difor på høg tid å ta ein fot i bakken – eller på bremsepedalen.

Ein blir aldri populær av å vere festbrems, men nokon må ta det ansvaret før festen går over styr. Her tar Regjeringa grep, men kanskje er det litt for forsiktig og gjeld for få. Skal ein roe ein fest, nyttar det ikkje å dra inn drikkebongane på berre eitt av borda.