Lesarinnlegg:

«Gir framtidsretta internasjonal kompetanse»

Skottland: Haram vidaregåande skule har i ni år sendt elevar til eit skuleår i Edinburgh-området i Skottland. No kan det vere slutt.  Foto: NTB Scanpix

Meninger

I ni år har Møre og Romsdal Fylkeskommune tilbode elevar i fylket vårt å ta andre året på vidaregåande skule i Skottland. I ni år har modige 17 åringar sagt farvel til venner og familie og gitt seg ut i ukjent farvatn.

Dei har ikkje kjent samfunnet dei skal bu i, ikkje visst kven dei skal bli venner med og ikkje kjent til det skulesystemet dei skal møte. Dei trygge rammene er valt bort, og livet i Skottland blir annleis enn det dei hadde sett for seg. På godt og vondt.

Likevel står 17 åringane i det, og når skuleåret er over sit dei med erfaringar dei ikkje hadde hatt om dei valde å ta Vg2 på sin lokale skule. Elevane sit igjen med ein kulturkompetanse ein aldri vil oppnå på ferie eller ei kortare reise. Og kanskje dei har blitt enda modigare enn dei allereie var. Dei har lært seg eit språk, og har fått seg nye briller å sjå heimplassen sin med.

Vi vil påstå at elevane har blitt klokare både i høve til kva som ventar ute i verda, men og fått eit skarpare syn på eige samfunn. Dei har fått eit samanlikningsgrunnlag som kan inspirere til å dyrke fram det velfungerande, men og luke bort mindre fruktbare strukturar. Slik kompetanse bør Møre og Romsdal verdsette høgt. Om desse unge menneska vel å blomstre i fylket vårt, så skal vi vite at vi er heldige. Framtida vil sette høge krav til omstilling og fleksibilitet. Det lærer ein best av å erfare variasjon og mangfald, noko eit skuleår i utlandet gir. Vi har eit internasjonalt næringsliv der kultur- og språkkompetanse er grunnleggande for å lykkast. Erfaring frå samarbeid mellom ulike europeiske kulturar, gir svært verdifull kompetanse.

Det er vanskeleg å forstå kvifor fylkeskommunen vel bort eit så framtidsretta og vellykka utdanningstilbod. Elevane har i dette samarbeidet fått tett oppfølging både frå lokale representantar i Skottland, og frå Haram vidaregåande skule. Tilbodet har gitt tryggare rammer til elevar som tør å prøve seg i utlandet. Håper utvekslinga til Skottland vil ha ei framtid i fylket vårt, når politikarane har fått tenkt seg om litt til.

Soveig Beadle og Ellen Drønnesund
Lærarar for Skottlands-elevane , Haram VGS

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no