Sunnmørsposten meiner:

«Vi må lette børa frå dei minste ryggane»

Sårbare: Barn som er utsette for omsorgssvikt eller vald i heimen, kan bli ekstra sårbare når skular og barnehagar er stengde på grunn av smitteverntiltak og barnevernet og andre hjelpeetatar har redusert kapasitet.  Foto: Shutterstock / NTB scanpix

I tillegg til å berge liv har vi ingen jobb som er viktigare enn å verne dei mest sårbare barna.

Meninger

Tiltaka som skal bremse koronasmitten må vi truleg leve med enno ei god stund. Vi må alle rette oss etter råd og pålegg for å spare liv.

For dei fleste går det greit å omstille seg til ein slik ny kvardag for ein periode. For andre gir isolasjon, frykt for økonomiske tap eller sjukdom denne tida ekstra tung. Dei kan trenge ekstra støtte, frå hjelpeapparat eller frå nokon som kan vere eit medmenneske.

I denne dugnaden er det viktig at vi ikkje legg den tyngste børa på dei minste ryggane.

For som er utsette for omsorgssvikt eller vald i heimen, kan skulen eller barnehagen vere den einaste plassen dei kjenner seg trygge. Kontakten med læraren eller dei tilsette barnehagen kan vere eitt av dei få haldepunkta med vaksne omsorgspersonar dei stolar på.


Barneverntjenesten om koronasituasjonen:

– Mer vrient å fange opp barn som har det vanskelig

Antallet bekymringsmeldinger til Ålesund og Fjord barneverntjeneste har ikke økt som følge av koronasituasjonen, men virksomhetslederen er usikker på om det gjenspeiler det faktiske bekymringsnivået.


No er desse fristadane stengde. Det vil gjere livet til mange barn verre.

Familievernkontor over heile landet er stengde. Barnevernet og Statens Barnehus har fått vanskelegare arbeidsvilkår på grunn av koronaepidemien.

NRK melde mandag at barnehusa har vorte nøydde til å utsetje avhøyr. Statens Barnehus er eit tilbod til barn og ungdom som kan ha vore utsette for, eller ha vore vitne til, vald og seksuelle overgrep, i saker som er melde til politiet.

Barneverntilsette er definerte som ei yrkesgruppe med ein særleg samfunnskritisk funksjon. Kommunene kan også overføre anna personell til å trygge denne funksjonen. Likevel kan kapasiteten til barnevernet bli redusert på grunn av sjukdom og karantener.


Fryktar meir familievald – politiet ber folk melde frå

Politiet fryktar at stengde skular kan føre til ein auke i familievald, og at det kan vere vanskelegare å plukke opp barn som har det vanskeleg heime.


For barn i fosterheimar vil også smittevernreglar og kommunale reiserestriksjonar i strid med Folkehelseinstituttet si tilråding gjere at dei misser samver med foreldre.

Etatane som utgjer sikkerheitsnettet til desse barna blir sett til å gjere vanskelege prioriteringar. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet meiner sjølv at dette kan setje den grunnleggande verdien om barn sitt beste i spel.


Barneombodet ber styresmaktene sørgje for at sårbare barn får hjelp

Styresmaktene må sørgje for at dei sårbare barna får den hjelpa dei treng og har rett på, seier barneombod Inga Bejer Engh.


Stortinget har pålagt Regjeringa å tilføre ressursar og gi retningslinjer som gjer at barnevernet, hjelpetelefonar og krisesenter kan gjere den svært viktige jobben sin no.

For barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og norske kommunar må dette stå høgt oppe på prioriteringslista no. Justisdepartementet må også syte for at dei 11 avdelingane av Statens Barnehus kan oppretthalde tilnærma normal drift.

I tillegg til å berge liv har vi ingen jobb som er viktigare enn å verne dei mest sårbare barna.