Det er i kriser vi får testa om prinsippa for den demokratiske rettsstaten held. Fleire har samanlikna kampen mot korona-viruset med ein krig. Då er det lett å tenke på det gamle munnhellet om at «krigens første offer er sanninga».

Hittil har dette ikkje skjedd i Norge. Tvert imot har dei redaktørstyrte nyheits- og aktualitetsmedia lagt ned ein enorm innsats for nettopp å bringe fram kvalitetssikra og vesentleg informasjon til publikum.

Samtidig som vi har vore opptatt av å formidle samfunnskritisk informasjon, viktige råd og åtvaringar frå styresmaktene, har mange redaksjonar også drive kritisk journalistikk på dei same styresmaktene si handtering av krisa. Resultatet er at folk strøymer til dei seriøse nyheitsmedia. Lesar- og trafikktala er rekordhøge. Tilliten aukar. Folk samlar seg om dei formidlarane dei stoler på.

Når krisa råkar, må det ofte treffast uvanlege tiltak, og prinsippa for det opne samfunnet kan bli utfordra. Samtidig må kjerneverdiane takast vare på. Det gjeld også dei verdiane som bidrar til at media kan gjere jobben sin. I siste runde vart media definert inn som «samfunnsviktig verksemd» på regjeringa si liste over sentrale samfunnsfunksjonar. Det meiner vi var heilt naturleg. Dei siste vekene har vi like fullt sett fleire døme på at dei premissa som ligg til grunn for at media skal kunne gjere jobben sin, er blitt utfordra.

Informasjon om smitta og sjukehusinnlagte er svært varierande frå helseføretak til helseføretak, og frå kommune til kommune. Det er kritisk i ei tid der nettopp kunnskap om kven som blir sjuke er viktig for publikum, og der mangelfull informasjon gir grobotn for spekulasjonar og rykte.

Regjeringa har opna for at møte i politiske organ i kommunane kan avviklast utan at dei er tilgjengeleg for presse og publikum. Det utfordrar eit helt sentralt prinsipp i lokaldemokratiet.

Forslaget om vidtgåande fullmaktslov for regjeringa vart førebudd og fremja for Stortinget heilt utan open debatt. Heldigvis reagerte Stortinget med å stramme inn på lova.

Norske medium tek samfunnsansvar. Vi ønskjer å bidra til å løyse kriser, og at samfunnet kan fungere best muleg. Samtidig er det vår oppgåve å stille dei kritiske og ubehagelege spørsmåla. Det er fagleg krevjande – og det er kostbart. Frå fleire hald er det tatt til orde for at media burde legge all journalistikk om korona-epidemien ope, og ikkje som pluss-saker, det vil seie saker som berre er opne for abonnentar.

Det blir argumentert med at nettopp fordi media har ein samfunnsviktig jobb, så er det umoralsk å ta betalt for denne informasjonen. Det høyres fornuftig ut, men det er ikkje berekraftig. I desse dagar ville det har ført til at mykje at den journalistikken som abonnentane har betalt for, blir gjort gratis tilgjengeleg for alle. Det at journalistikk er gratis, betyr ikkje at den er gratis å lage. Norske mediehus er bemanna av dyktige fagfolk. Dei må – som alle andre – ha betalt for jobben dei gjer. Dersom mediehusa ikkje genererer inntekter, vil det ikkje lenger vere folk på jobb for å kunne fylle desse funksjonane. Alt no ser vi døme på at fleire lokale mediehus permitterer. Også eit av dei media som skal «vakte på vaktbikkja», Medier 24, har måtta permittere. Krisa gjer at annonseinntektene sviktar massivt. Det gjer brukarbetaling endå viktigare.

Dette handlar om sjølve infrastrukturen i demokratiet. Det blir etablert krisepakkar for ulike bransjar og samfunnsfunksjonar, og det er viktig. Men vi må også sørge for å ta vare den infrastrukturen som ber sjølve samfunnssystemet vårt. Derfor håper vi regjering og storting vil avsette midlar til både offentleg annonsering, refusjon av tapte annonseinntekter, redusert arbeidsgivaravgift og direkte mediestøtte. Og så håper vi sjølvsagt at du som les og brukar den journalistikken som blir laga, er med på å betale for den.

Krisetiltaka som no blir gjennomførte for å kjempe mot epidemien, er viktige. Folks helse må sikrast. Samtidig må vi ha i mente at vi på den andre sida av denne krisa skal vende tilbake til eit samfunn som fungerer. Ikkje minst er det viktig at våre demokratiske institusjonar og prinsipp vert haldne i hevd. Då treng vi levedyktige, redaktørstyrte medium, med eit fagleg fundament og ei klar forplikting overfor det samfunnet vi alle er ein del av .

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!