Lesarinnlegg:

«Folkestemma»

Flyfoto: Noko av Ålesund. kommune  Foto: June R. Johansen

Tidelagere heitte det at «Den Vår Herre give et Embete, give han også Forstand». Her har han forsømt seg. 

Karl J. Skårbrevik
Meninger

For ei tid tilbake oppdaga eg ei spørjeundersøking på heimesida til Ålesund kommune – Folkestemma – retta til innbyggjarane i kommunen. Ein ville vite kva folk meiner om den nye kommunen.

Eit godt tiltak som eg sjølvsagt svarte på. Eg rekna med at dette var noko det blei informert om til alle i kommunen, slik at det ikkje berre var dei som var innom heimesida som fekk høve til å svare. Det er langt frå alle som bor i kommunen vil eg tru.



Men nokon slik informasjon har eg ikkje sett korkje i aviser eller andre stader. Så dette blir ei spørjeundersøking retta mot dei som regelmessig er innom heimesida.

Skal slike undersøkingar ha nokon verdi må det vere eit representativt utval av alle som bur i kommunen. Besøkande på heimesida er det slett ikkje.


«Det er mye som tyder på at Ålesunds makthavere har arbeidet flittig i korridorene og bakromma»

Er det byen min som trakker så grenseløst på øya mi? Som ålesunder og onaværing prøver jeg å forstå tvangssammenslutninga som har gjort folket sinte, avmektige og fulle av sorg. Men jeg ser bare mørke. Et fyrtårn som slukner. Et demokrati på hell.


Så var eg innom heimesida eit par veker seinare. Eg hadde rekna med at nokon i kommunen hadde oppdaga fadesen og fått undersøkinga fjerna. Men nei. Undersøkinga låg der framleis og med utvida svarfrist. Så eg svara like godt på undersøkinga ein gong til. Då har eg i alle fall fått dobbel regisitring av mine synspunkt. Så her kan same person svare så mange gonger ein vil.

Eg skal ikkje insinuere at personar på Rådhuset sit og svarer på undersøkinga dagleg, men høve til det har dei. Så på folkemunne kan dette lett bli «Rådhusstemma» like mykje som «Folkestemma».

Tidelagere heitte det at «Den Vår Herre give et Embete, give han også Forstand». Her har han forsømt seg.

Men vi får håpe at der er nokon med forstand på Rådhuset som forstår at dette er ikkje måten å gjere undersøkingar på, og som kan redde kommunen sitt omdøme. Det er vel slike fadesar som høyrer heime i programposten «Nytt på Nytt».


Sykkylven og Stranda:

Eitt skritt nærare samanslåing

Kommunane Sykkylven og Stranda har så å seie klar ein ny intensjonsavtale om samanslåing. I november har de bestilt konferansesalen på Hotel Union i Geiranger til eit felles kommunestyremøte.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!