Snart får vi vite om vi får ta litt av kvardagen vår tilbake. Mellom anna skal Regjeringa bestemme om skular og barnehagar skal gjenopne over påske.

Dette er vanskelege avgjerder både å ta og gjennomføre.

Ein ting er å lette på tiltak som har liten effekt. Noko anna er gjere alle trygge på at det er det rette.

Liv og helse må sjølvsagt kome først. Alle er samde om det. Vi må framleis avgrense smittespreiinga, vi må framleis vinne tid og vi må sikre oss at helsetenestene ikkje bryt saman. Den faren er framleis der.

Dette har folk forstått, og nettopp derfor har eit imponerande stort fleirtal slutta opp om dei strenge koronatiltaka. Vi har på kort tid lojalt innretta oss på ein ny måte å leve våre liv på for å gjere vårt i kampen mot pandemien.

Vi har hatt tillit til styresmaktene, og dei har vore tydelege i sine råd og sine pålegg.

Tiltaka mot koronasmitten varer til og med 2. påskedag. Regjeringa skal seinast onsdag avgjere kva som skal gjelde etter dette.

To ekspertutval skal gje råd om blant anna gjenopning av skular og barnehagar og tilpassing av tiltak for å redusere negative konsekvensar på økonomien og samfunnet.

Ei korrigering av kursen er både fornuftig og naudsynt.

Smittesituasjonen utviklar seg. Vi har fått meir kunnskap, og helsetenestene er litt betre rusta til kamp. Vi ser også tydelegare kva tiltak som verkar og ikkje verkar, og ikkje minst ser vi dei enorme negative konsekvensane av tiltaka.

Likevel er det enno stor usikkerheit, både om utviklinga av pandemien og effekten av ulike tiltak.

Dette kan gjere returen til normalen vanskeleg. For var det noko som måtte til for å motivere og mobilisere folk, så var det klar og tydeleg tale. Det var betre å gjere «for mykje for tidleg enn for lite for seint», vart det sagt.

Bordet fangar med eit slikt argument. Det gir oss ei kjensle av å vere på den sikre sida.

Når Regjeringa vurderer gjenopning av skular og barnehagar, er det derfor ikkje rart mange tilsette der føler uro. Sjølvsagt vil også dei «vere på den sikre sida». Det same gjeld familiar med barn eller familiemedlemmar med særlege helseutfordringar.

Vi bør slakke på tiltak som har liten effekt på smittespreiinga og helsetrusselen.

Kravet er likevel at vi også då må vere på den sikre sida. Det må kommuniserast like tydeleg som då tiltaka vart innført.

Utydeleg tale og vinglete kurs kan så kostbar tvil om kva kurs som er den rette.