Det er ikkje ofte eg tyr til lesarinnlegg for seie mi meining. Men no har eg fått nok. Det har vore utfordrande å vere kulturarbeidar i Møre og Romsdal det siste halve året, med tanke på krav om kutt i undervisning i estetiske fag i vidaregåande skule, og nedlegging av fylkesmusikarordninga (Møremusikarane). Men når mi eiga heimkommune vel å rasere kulturskuletilbodet til barn og ungdom, då sprekk det for meg.

Formannskapet i kommunen har bestemt at tilbodet til Giske Kulturskule skal reduserast til eit minimum. Innspelet frå kommunedirektøren er at det einaste kulturskulen skal tilby er danseundervisning. All opplæring på instrument, vokal, drama og kunst og handverk kan etter ei runde med handsopprekking frå formannskapet vere borte frå hausten 2020. Dette er sjokkerande!

Bakgrunnen for dette ligg i den allereie opprivande debatten om skulestruktur som har rast i kommunen dei siste månadane. Giske kommune er i økonomisk krise, og ein ny skulestruktur skulle spare inn store summar. Slik situasjonen er no, med dei strenge tiltaka som har kome på grunn av korona-situasjonen, klarar ikkje kommunestyret å møtast for å ta ei avgjerd på dette særs betente spørsmålet.

Dette blir då delvis løyst med å raserer eit lovpålagt opplæringstilbod til barn og unge. Her blir det ikkje sett på som eit problem at kommunestyret ikkje får sagt sitt. Den demokratiske prosessen er fråverande. Eg veit ikkje ein gong om politikarane i kommunestyret er informert.

Då eg fekk denne informasjonen frå Norsk kulturskuleråd vart eg mållaus. Igjen er det kultur som er offeret på økonomien sitt alter. Om dette i det heile tatt er innanfor lova har eg mi tvil om. Kommunane har fridom til å bestemme innhaldet i sin kulturskule. Ser ein på ordlyden av sjølve Kulturskulelova frå 1997 kan ein stille store spørsmål om dette er lovleg. Opplæringslova § 13-6: «Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket eller kulturlivet elles». Her står det i klartekst musikk- OG kulturskuletilbod. Korleis formannskapet og kommunedirektøren kan forsvare sitt innspel, om heile instrumental og vokal-opplæringstilbodet er reve vekk klarer ikkje eg å sjå. Rundt regna 200 kulturskuleelevar vil kunne stå utan lærar frå hausten av. 200! Det er nesten like mange som heile Vigra barneskule. Sjå for dykk at idrettshallane blei stengde for alle bortsett ifrå dei som driv med handball. Det er utenkeleg.

Eg har dei siste seks åra vore dirigent for Vigra og Valderøy Skulekorps. For korpset er det som no skjer dramatisk. Store deler av opplæringstilbodet til dei yngste musikantane kan forsvinne. All slagverk – og messingundervisning går igjennom kulturskulen, i tillegg til deler av treblås-undervisninga. Korleis dette skal organiserast vidare veit vi ikkje. Men det er ikkje tvil om at det blir bortimot umogeleg å oppretthalde eit opplæringstilbod med same faglege kvalitet.

Uansett kor kutta i kulturskulen kjem, går Giske kommune på denne måten baklengs inn i framtida, og rykker kulturtilbodet til barn og unge 40 år tilbake i tid. Ser ein på regjeringa sine planar for kultur i skulen, og kulturskulen si rolle i dette, er det ikkje mogleg å sjå dette på noko anna måte enn at kommunen ser etter kortsiktige økonomiske løysingar. Så får all moral og etikk vere noko ein syslar med på fritida. Regjeringa sine føringar for framtida vert også totalt oversett:

Stortinget har bedt regjeringen legge frem en stortingsmelding om en styrket kulturskole for fremtiden. Regjeringen mener det er naturlig å se dette arbeidet i sammenheng med barne- og ungdomskulturmeldingen. (Regjeringa.no haust 2019.)

Regjeringen vil også at flere barn skal få et kulturskoletilbud gjennom å legge til rette for samarbeid mellom kulturskole, skolefritidsordninger og frivilligheten, samtidig som kulturskolens egenart ivaretas. Regjeringen vil sikre kommunene frihet til selv å finne de løsningene som gir best kulturskole- og fritidstilbud hos seg, men legge til rette for tilgjengelighet, mangfold og kvalitet i det tilbudet som blir gitt. (Regjeringa.no Granavolden-plattforma)

Etter Ludvigsen-utvalet sin rapport har dei estetiske faga si rolle i grunnskulen blitt styrka i arbeidet med dei nye fagplanane som gjeld frå hausten 2020. Det er liten tvil om at det kjem til å kome politiske føringar frå regjeringa på at kulturskulen skal vere ein sterk og sentral aktør for å gi enda betre rammer for kunst og kultur i skulen. Her vil Giske kommune ha eit særs dårleg utgangspunkt. Det blir som ein snikkar som får nye oppdrag, men har selt alt verktøyet. Er i det heile tatt kommunalsjefen og formannskapet klar over alt dette? I så fall er eg om mogeleg enda meir sjokkert. Då kan ein smørje på med litt ignoranse på toppen av brødskiva.

Giske kulturskule har i løpet av dei siste 20 åra blitt ein solid kulturskule, med eit breitt tilbod. Dette på trass av allereie låge driftsrammer frå kommunen. Langt lågare enn i andre samanliknbare kommunar som for eksempel Sula, Sykkylven, Vestnes og Stranda. Likevel har ein klart å drifte og bygge kulturskulen bit for bit innanfor desse rammene. No kan alt bli fullstendig øydelagt. Det må vere eit mareritt for rektor og dei tilsette.

Å drifte ei kommune gjerast på fleire plan. Ein del av dette er økonomisk styring. Men ein annan sentral del er samfunnsutvikling. Her sviktar Giske kommune totalt med å innføre desse kutta. Det kan virke som at formannskapet ikkje ser det som viktig på noverande tidspunkt at Giske kommune skal vere ein attraktiv stad å bu. Snakk om framtidsretta tankegang.. Kven skal skaffe kommunen inntekter om ikkje ein har folk som vil bu her?

Opplæring i kunst og kultur er ikkje eit frynsegode. Det er ein nødvendigheit. Kunst og kultur er både danning, kreativitet og sjølvrealisering. Det er intellektuell utvikling og det fremmer læring i språk og matematikk. Kunst og kultur er folkehelse og samfunnsutvikling. Det motverkar rasisme og fremmar integrering, og snakkar på tvers av grenser og religion. Det er fredsarbeid. Opplæring i kunst og kultur gir elevane reiskap til å bearbeide og å uttrykkje seg. At barn og unge skal ha eit solid tilbod for å vidareutvikle desse sidene av seg sjølv er tydelegvis ikkje så viktig for formannskapet i Giske kommune.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!