Viser til innlegg i Smp, mandag 16. mars, frå Åge Vikestrand. Her blir PDK skulda for å utsette KrF for urette påstandar og skuldingar.

Er jo sjølvsagt lei for at påstandane mine ikkje fell i god jord hos KrF, men hadde nok heller ikkje forventa noko anna. Det er klart at vi vil fremme klare standpunkt i ein del verdispørsmål, så som i abortspørsmålet.

KrF har rett i at dei framfører standpunktet om å forsvar av retten til liv frå unnfanging til naturleg død. Trur faktisk at mange og meiner det oppriktig.

Problemet vårt er berrre at vi i debattar ved dei vidaregåande skulane møter svært svake og uklare standpunkt i abortspørsmålet. Ja, til tider kjem det fram klar støtte til abort frå representantar frå KrF i desse debattane, så vi blir litt usikre på kva KrF eigentleg meiner.

KrF var viktig i å endre paragraf 2C om tvillingabort og det skal dei ha ros for. Saknar dei dessverre litt i den generelle debatten om abort. Når har eit menneske ein lovbeskytta rett til å leve?

Ekteskapet er ein institusjon mellom mann og kvinne eller ein kjønnslikegyldig institusjon? Det kan ikkje vere begge delar samtidig. Her har PDK og KrF ulike standpunkt.

Det er rett at vi er uroa over konsekvensar av innvandring som vil endre samfunnet vesentleg over tid. Ikkje minst vil kostnadar kunne bety mykje for vår evne til å løyse ulike utfordringar her heime.

I 2019 var det sett av drøye 39 milliardar til norsk bistand. Bistandsindustrien er no ein kjempe og disponerer svære beløp. PDK ønsker å endre norsk bistand frå statleg drive til noko du som person skal ha styring over.

Du skal sjølv avgjere kva prosjekt du vil engasjere deg i. Då blir det knytta opp mot ditt private engasjement og då vil du vere opptatt av dette kjem fram til mottakar med minst muleg svinn på vegen.

Kanskje du til og med kan trekke slike beløp frå på skatten.

Sinnelagsetikken er i dag styrande, men konsekvensetikken bør sterkare vere den vi bygger engasjementet vårt på.

I asyl- og innvandringspolitikken er det langt frå brei semje. Slik politikken på området har vore praktisert den seinare tid, så er det ikkje berekraftig på sikt.

Heile systemet må leggast om og Europa kan ikkje ta imot store mengder som vi skal integrere og som i mange tilfeller ikkje lar seg integrere. Hjelp til sjølvhjelp må skje i nærområdet, og ytre krav må vere svært tydlege. Vi skal støtte dei som vil hjelpe seg sjølve.

Sekulariseringa av samfunnet går sin gang og her burde både PDK og KrF kunne stå samla imot. Dessverre skjer ikkje det. I kommunestyret står KrF saman med heile venstresida og gir støtte til globalisering, multikultur og utredning om kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. PDK står dessverre åleine.

Dette er til orientering og er faktabasert. Så til slutt: PDK vil gjerne kjempe om støtte på eigen kjøl, på samme viss som KrF. Lukke til.