Då eg fekk høyre Giske kommune skulle redusere tilbodet ved kulturskulen til eit minimum, kunne eg nesten ikkje tru mine eigne øyrer.

Eg starta ved kulturskulen då eg var 10 år, og har no vore elev ved kulturskulen i fem år. Å gå på øving er vekas høgdepunkt.

Kvar einaste gong blir eg møtt av engasjerte og inspirerande lærerar, som brenn for faget og elevane sine.

Kulturskulen har vore med på å forme min identitet, og har gitt meg stor glede for sang, dans og musikk.

I tillegg har det gitt meg mot og sjølvtillit til å verte trygg på meg sjølv. Eg har fått utfalda meg kreativt og opplevd stor meistring, noko som gjer at eg blant anna deltek på UKM kvart år.

Dette er eigenskaper eg kan bruke vidare gjennom livet. Skal vi verkelig ta vekk den moglegheita og gleden til barn og ungdom?

Giske kommune er ein ung kommune med mange barn og ungdommar som skal vekse opp her. I visjonen til kommunen står det at vi er ein framtidsretta kommune som skapar og grip moglegheitene som ligg framfor oss.

Det virkar no som at kommunen er i ferd med å ta frå barn og ungdom framtidas moglegheiter til skaparglede og kreativitet. Kva med dei borna som ikkje likar, eller ikkje har moglegheit til å delta i organisert idrett?

Det er ofte ein finn vener gjennom organiserte aktivitetar fordi ein har det som felles interesse. Når dette viktige kulturtilbodet forsvinn, tek det vekk moglegheita for at dei som ikkje er interessert i t.d. idrett kan føle på samme fellesskap og tilhøyrigheit, noko som kan gjere at ein lett kan føle seg utanfor.

Kulturskulen samarbeidar også tett med korpset. Tek vi vekk tilbodet for kulturskule, tek vi også vekk moglegheita for korps. Slik vil korpset sakte med sikkert døy ut.

Då har vi lenger ikkje barn og ungdomskorps, og endå fleire blir ramma. Tenk på alle som gledar seg til å gå i uniform og spele på 17. mai kvart år.

Dette er eit kutt som vil ramme svært mange og få store konsekvensar for kommunen sine barn og unge.

Vær så snill, ikkje kutt ut tilbodet til kulturskulen.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!