Fridtjof Nansen var norsk utsending til konferansen. Det har nok vore sett fram krav, særleg frå Russland, som ville rokke ved norsk suverenitet over øygruppa. Men skiftande regjeringar har hevda: Vedtaket frå San Remo står fast. Folkeretten seier at Svalbard er norsk.

Men det skulle skje meir i San Remo desse dagane. Under verdskrigen tapte det Ottomanske rike (tyrkarane) krigen mot dei allierte. Det var eit stort rike, som strakte seg frå Wien i nord til langt syd på den arabiske halvøya. Nordre del braut saman etter Balkan-krigen i 1911–1913. Resten gjekk med under verdskrigen. Det vart dei allierte si oppgåve å fordele og administrere landområda. Ei slik oppgåve var forankra i Folkeforbundets pakt artikkel 22. Her heiter det m.a. at arbeidet skal vere «en hellig oppgave for sivilisasjonen» Det var Frankrike og England som fekk mandat til å gjennomføre dette arbeidet.

Det såkalla Palestina-mandatet vart så lagt på England sitt bord. Og britane tok i utgangspunktet dette på alvor. Her skal vi få merke at Palestina var eit namn som vart lagt på Jødeland (Kana-an) i år 135 e.Kr. av den romerske keisar Hadrian. Både folket og landet skulle for alltid gløymast.

Britane tok no grep. Utanriksminister James Balfour skreiv i 1917 ei erklæring på vegne av regjeringa med m.a. følgjande: «Hans majestets regjering er villig innstilt til at Palestina blir åsted for opprettelsen av et nasjonalt hjem for det jødiske folket, og vil gjøre sitt ypperste for å legge til rette for at det skal bli en realitet.» Men merk: Balfour-erklæringa gav ingen folkerett!

Det vart så kalla inn til ein Fredskonferanse i Paris i 1919. Arabarane møtte med sin leiar Faisal Hussein, og jødane med Chaim Weizmann. Både arabarane og jødane fekk legge fram sine ynskje. Arabarane formulerte det slik: «De ønsket også rettslig status, og ba om lov til å opprette en uavhengig, arabisk stat.» Og jødane: «De sa at de ønsket at folkeretten skulle anerkjenne det jødiske folket.

Og de ønsket retten til å rekonstruere det de en gang eide.» Begge partar vart positivt mottekne og som vi må forstå fekk dei også løfte på ei løysing. Men merk: Fredskonferansen gav heller ingen folkerett!

Så kjem vi fram til 1920, og den viktige samlinga i San Remo. Her var alle av dei allierte med, Frankrike, England, Italia og Japan, og USA møtte som observatør. Stemninga var god. Den arabiske delegasjonsleiar, Emie Feisal, sa det m.a. slik: «Vi vil ønske jødane på det hjertligste velkommen hjem» Stemninga skulle dessverre forandre seg.

Først vedtok dei at jødane kunne få rekonstituere sitt gamle fedreland. Deretter vedtok dei å la arabarane også få lov til å opprette nye statar i denne delen av verda. Og der var store område i denne delen av verda som arabarane kunne få opprette ein stat i. Det som skjedde her var at San Remo-resolusjonen stadfesta Balfour-deklarasjonen frå 1917 folkerettsleg. Medan Balfour-deklarasjonen hadde politisk tyngde, hadde San Remo-resolusjonen folkerettsleg autoritet. For første gong på nesten to tusen år vart det bestemt, med folkerettsleg autoritet, at det skulle opprettast eit jødisk heimland i området som no heitte Palestina.

San Remo-resolusjonen vart internasjonalt godkjent. Den 24. juli 1922 vart den vedteken av dei 51 land i Folkeforbundet, med denne viktige setninga: «Jødene har nå fått anerkjennelse for sin historiske tilknytning til området Palestina og anledning til å rekonstituere sitt nasjonale hjem i dette landet.» Seks dagar etter gav begge kamra i den amerikanske kongressen samrøystes sin støtte.

Det som vi også må ta med er at Balfour-deklarasjonen hadde markert eit stort område som jødane sitt heimland. Faktisk var m.a. både Palestina og noverande Jordan med. Dette fekk britane problem med, etter som vi må forstå på grunn av oljepolitikken. Under Kairo-konferansen i 1921 gav derfor koloniminister Winston Churchill Transjordan (Jordan) over til Faisal Hussein. Dermed vart Balfour-deklarasjonen sitt arealtilbud redusert med 78 %. Jødane sat då att med landområda vest for Jordanelva. Så skulle vel alle vere fornøgde? Historia har forkynt oss noko anna.

Det skulle ikkje gå lang tid for arabarane protesterte. Det ville ha meir, dei ville ha alt! Eg trur at her ligg den ein åndeleg dimensjon bak. Islam sitt «krigens hus» seier noko om at eit land/stat som ikkje er islamisert er for dei eit krigsutbytte. Med ein jødisk stat som ei «øy» midt i den muslimske verda blir dette umogleg å leve med. Det burde ikkje gå på areal. James Balfour sa det slik: «Hvorfor klager dere? Dere får alle disse landområdene, og vi gir en liten nisje til det jødiske folket i Palestina.» Men det var ikkje nok for arabarane.

Motsetningane auka utover i 1920–30 åra. Når då FN vart etablert i 1945 måtte dei ta nytt grep. Så veit vi kva som skjedde. Landet vest for Jordan-elva vart på nytt oppdelt, og «sundrive». Enkelte område til jødane og andre til palestina-arabarane. Det gav smerte hos jødane at dei gamle bibelske områda, Judea og Samaria, vart tildelt palestina-arabarane. Så vart det vedteke ein delingsresolusjon – nr. 181. Resultat: Jødane sa ja, men palestina-arabarane sa nei og gjekk til krig. Dei fekk også hjelp av nabostatane. Likevel – dei tapte krigen.

Kva seier folkeretten? Den verdskjende advokaten på folkerett, canadiaren dr. Jacques Gautier, arbeidde i 25 år med desse spørsmåla. Han konkluderer slik: «Gjennom mitt arbeid har jeg trukket konklusjonen at ingenting har skjedd som har fratatt jødane eller araberne de grunnleggende rettighetene de fikk i San Remo.» Rettane der vart: Trans-Jordan til arabarane og Palestina (Jødeland) til jødane. Norge fekk folkeretten på Svalbard og jødane fekk folkeretten på Palestina (Jødelend) på San Remo-møtet for 100 år sidan.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!