Eg veit ikkje korleis han stemde til slutt, men marknaden hans set i minnet: «Kjell, eg trur denne lova vil bryte ei demning som vi ikkje ser konsekvensane av». Han har fått rett!

Drøftinga er foreløpig utsett til slutten av mai pga. korona-krisa, men då skal Stortinget drøfte eit nytt steg innan saksfeltet «livsrett og menneskeverd.» Det går på eggdonasjon, assistert befruktning for einslege og langt meir utstrekt bruk av foster-diagnostikk.

Vi fekk ein skjelsetjande milepæl i denne prosessen då Stortinget i juni 2008 vedtok den kjønnsnøytrale samlivslova. Samstundes vart både Bioteknologilova og Barnelova endra. Hermed vart barn definert som ein rett for likekjønna par.

No blir det teke eit steg vidare. No skal eggdonasjon seljast likt med sæddonasjon. Både egg og sæd skal kunne verte donert. Assisterte befruktning for einslege skal godkjennast. Konsekvensane blir m.a. at barn ikkje har rett til ein far. Det har kome fleire artiklar i den seinare tid både frå fagfolk og politi om kor viktig fedre er i barns oppvekst.

Den kjende teologen, og leiar av «Mor, far og barn», Øivind Benestad seier: «At vi er midt oppe i ein kulturrevolusjon og eit paradigmeskifte av historiske dimensjonar.» Det er sårt at våre politikarar gir til kjenne slike etisk manglande refleksjonar. Skal det bli slik at sæd og egg blir ei salgsvare? Og at livmora hos kvinna skal bli ein «fabrikk»? Barn er ei gåve frå Gud – ikkje ein rett!

Medlem av Bioteknologirådet (og i mindretal), Morten Magelssen seier om dette at «Det er et nytt radikalt steg man tar nå, for hittil har barn fått to foreldre.» Han trur også at dette vil kunne gi ein «skråplanseffekt».

Det som gir grunn til undring er at FrP synest å gå i bresjen for desse dramatiske forslaga. Kva blir det neste? Surrogati?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!