Det er nedslåande at storting og regjering ikkje evnar å sjå konsekvensar av dramatiske naturinngrep, men stadig held fram at det er vindkraft som skal « redde» klimaet. Må igjen referere frå Vårt Land (25. juli. 2019, Lars Gilbert): Vi kan ikkje redde kloden med å øydeleggje den!

Vi lærte i si tid at det engelske ordet «exploit » betydde å utnytte/utarme. Svære inngrep i naturen, på så mange område, slike vi er vitne til i vår tid, utgjer nettopp «exploitation» av kloden, enormt forbruk og reduksjon av ressursar og natur likeins.

Her er fakta henta frå ein artikkel i The Guardians, 18. mars (John Vidal) med overskrift: Is our destruction of nature responsible for Covid-19? Han slår fast at etter som biomangfald og område for artar (habitat) globalt går tapt, kan koronavirus berre vere byrjinga på tilsvarande pandemiar. Dette er kunnskap som har vore kjent blant biologar og i forskingsmiljø i årevis, at det er menneske si utarming av naturen som er den eigentlege årsaka til pandemiar. Her har alarmen for lengst gått! Ved uvettig forbruk og ekstrem inngriping i natur kjem miljø i ubalanse, og bakteriar og virus smittar over frå dyr til menneske. Vi tek oss til rette på stadig større område, og artane kjem for tett på kvarandre. Dette kan få katastrofale fylgjer!

Den nye olje og energiministeren har nok behov for å markere seg som handlekraftig. «Uopplyste» øybuarar får lov å protestere, men Olje- og energidepartementet «veit best», og bryr seg ikkje om litt støy frå folket. Ja, dei burde vite best! Dei kunne lett ha innhenta kunnskap, ikkje berre om energi- og klimakriser, men om konsekvensar av storstilt utbygging og nedbygging av natur. Norsk vindkraft monnar minimalt på verdsbasis! Skade står ikkje i noko forhold til gevinst! Å vere «ambisiøse» og oppnå EU sine klimamål, synest å vere viktigast av alt, utan vilje til å ta omsyn til utarming av natur og heseblesande forbruk av ressursar.

Dette handlar ikkje berre om følelsar for øya vår og forringing av utsikt, men om så mykje meir og ekstremt alvorleg. Forureining, tap av artsmangfald og livsviktige habitat, skadar på miljøet ved irreversibel inngriping i natur kan diverre vere nær bortkasta! No er det på tide at dei som har påteke seg ansvar for å styre dette landet flyttar blikket frå storstilte og majestetiske vindmøller, og låner øyre til dei som forskar i breidda, på natur, klima og miljø. Er dette kunnskap dei ikkje VIL vite av? Passar den ikkje saman med dagens energipolitikk?

På Nrk.no. 26.03. les vi at «Viruset kan være fremprovosert av mennesker»: FNs miljøprogram proklamerer at vi må slutte å øydeleggje og presse naturen. «Vern av natur må ligge til grunn for alt vi gjør. Naturen er selve grunnlaget for vår velferd og for vår sivilisasjon», seier Sverdrup- Thygesen. I Forskningsmagasinet Apollon 2019 skriv E.K. Rødland: «Menneskelig aktivitet påvirker klimaet og truer det biologiske mangfoldet, dyr, planter og insekter. Artsmangfoldet skrumper inn og økosystemer ødelegges».

I Aftenposten 10. april kan vi lese at «Et av de viktigste klimatiltakene vi kan gjøre, er å la norsk natur få være mest mulig i fred» Dette fordi enorme mengder karbon er lagra der, og vert frigjort ved inngrep. (Rapport frå Norsk institutt for naturforsking, på oppdrag frå WWF.)

Vindmøller er sjølve symbolet på feilslått energi -og klimapolitikk. Og dette Herrens år 2020 er av FN kåra til «Naturens år»!

Då er det rein galskap å gjere Haramsfjellet om til industriområde!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!