Dersom den kinesiske pressa hadde vore fri, kunne fleire blitt varsla om koronatrusselen langt tidlegare. Forskarar frå University of Southampton har i ein analyse antyda at talet på tilfelle av koronavirus i Kina kunne ha blitt redusert med 86 prosent dersom dei første tiltaka, som vart sett i verk 20. januar, hadde blitt implementert to veker før, skriv den internasjonale organisasjonen Reportere uten grenser.

Den 20. desember kunne til dømes styresmaktene i Wuhan ha informert om at 60 pasientar hadde fått påvist ein ukjent sars-liknande lungebetennelse. Det vart ikkje gjort. Dersom nokon hadde fortalt at virusutbrotet kanskje stamma frå ein populær marknad som selde levande dyr, kunne folk ha slutta å besøke denne marknaden lenge før den vart offisielt stengt. Epidemien kunne ha fått mindre omfang, tusenvis av menneskeliv kunne ha vore spart og verda kunne sett annleis ut i dag.

Søndag 3. mai er den internasjonale dagen for pressefridom. For fjerde år på rad toppar Norge lista over land med størst pressefridom, og det er ei plassering som forpliktar. Landa som kjem dårlegast ut er Kina, Eritrea, Turkmenistan og Nord-Korea. Det har aldri vore viktigare å markere behovet for ei fri og uavhengig presse. Pressefridomsindeksen er utarbeida av Reportere uten grenser, og den måler pressefridom basert på medias sjølvstende, kvaliteten på statlege rammevilkår og tryggleiken for journalistar.

Mangel på pressefridom er livsfarleg. Ikkje berre for journalistar i totalitære statar, men for alle menneske. Dersom sensur og kontroll hindrar livsviktig informasjon å nå ut til publikum, kan alle bli skadelidande.

Den 30. desember skreiv legen Li Wenliang ei melding på eit lukka forum for legar i Kina om eit mystisk virus. Han ville berre dele denne opplysninga med kollegaer, i håp om å finne ut kva som gjorde folk i byen sjuke. For denne meldinga vart han kalla inn til forhøyr hos politiet. Det kommunistiske diktaturet tillèt ikkje slik informasjonsdeling. Kort tid etter vart legen koronasjuk og døydde.

Kjeldevern er eit sentralt prinsipp i presseetikken. Nokon oppfattar det som eit vern for redaktørar og journalistar, men det er eigentleg å snu saka på hovudet. Kjeldevernet skal sikre at personar som har viktige opplysningar som bør ut i det offentlege rom, kan vere trygge på at identiteten deira ikkje blir avslørt. Kjeldevernet skal bidra til at samfunnet får tilgang til viktig informasjon som elles aldri ville ha kome fram. Mangelen på kjeldevern og pressefridom i Kina, har fått store konsekvensar for oss alle.