Kronikk:

«Er vi alle psykisk sjuke?»

Gabriele Müller (namn endra) vaks opp i det tidlegare DDR, i Berlin. Hausten 1989 opplevde ho dei politiske omstenda som førde til DDR sitt samanbrot og innlemminga i Forbundsrepublikken Tyskland.

  Foto: Frank May / NTB scanpix

Meninger

I likskap med dei fleste DDR-borgarar gledde ho seg stort over dei økonomiske og politiske endringane dette førde med seg, men ikkje utan eit snev vemod. ‘Det sto klart for meg at det økonomiske systemet vårt ville bryte saman’, tenkte ho. Ho fekk rett, og ho fekk også føle det på kroppen. Fabrikken der ho arbeidde gjekk konkurs, og ho vart arbeidsledig.

Lars Jørgen Vik er sosiolog og pensjonert førstelektor fra Høgskulen i Volda. 

Etter fleire år med arbeidsløyse, og etter kvart psykiske problem på grunn av det, kom ho i kontakt med ein klinikk som hadde solid erfaring med menneske i same situasjon, og ho fekk diagnosen Posttraumatic Embitterment Disorder (PTED).

Psykiateren Michael Lindner var fagdirektør på denne klinikken. Han oppdaga PTED i 2003. Han fekk idéen til den nye sjukdomen ved møte med pasientar som hadde opplevd oppløysinga av DDR, og som på grunn av dette hadde fått problem på arbeidsmarknaden og psykiske plager.

Men Lindner fann ikkje høvelege diagnosar i det eksisterande diagnosesystemet, DSM-4 (The Diagnostic and Statistical Manual of Mental Disorders), som var dekkande for denne pasientkategorien. Lindner meinte at ca. 2 % av befolkninga i det tidlegare DDR har PTED, men utbreiinga av sjukdomen var ikkje avgrensa til dette området, meinte han.


Leserinnlegg:

«Medisinen er mye farligere enn sykdommen»

Neste år vil et nytt og ukjent virus komme på besøk. Skal vi da bruke samme medisin?


Lindner skreiv fleire faglege artiklar i anerkjente vitskaplege tidsskrift om den nye sjukdommen. For å forankre oppdaginga i fagmiljøet, kontakta han The American Psychiatric Association (APA) som ‘eig’ DSM, og føremålet med det var å få PTED inkludert i DSM.

Formelt sett er ikkje DSM eit internasjonalt diagnosesystem, for APA er berre landsforbundet for amerikanske psykiatrar, men reelt sett fungerer likevel DSM som det: Det internasjonale systemet for klassifisering av psykiske lidingar, som i 2013 kom i ein ny og utvida versjon, DSM-5. Den nye versjonen av DSM inneheld mange nye diagnosar, som har ført til at millionar av menneske som før var friske, no vert klassifiserte som sjuke.

Fleire har no sett at dette er ei farleg utvikling. Den fremste av opponentane er Allen Frances, som av New York Times vart omtalt som ‘verdas mest innflytelsesrike psykiater’. Frances leia den kommisjonen som utarbeidde den forrige versjonen av DSM, men han har etter kvart vorte sterkt kritisk til det arbeidet han sjølv og hans medarbeidarar har utført. Frances meiner at den nye DSM-versjonen har ført til ei ‘voldsom overdiagnostisering og farlig overmedikalisering’, og at legemiddelindustrien i USA tar fleire liv enn narkotikakartella.

Nokre døme:

Born som av og til har sterke raseriutbrot skal no med grunnlag i DSM-5 kunne få diagnosen Disruptive Mood Dysregulation Disorder (DMDD). Diagnosen kan giast til born frå 6 til 18 år som tre eller fleire gonger i veka har raseriutbrot (‘temper outbursts’) som ikkje står i eit rimeleg høve til intensiteten eller varigheita av situasjonen. Meir enn 3 % av born i USA lir no av denne sjukdomen, som til no altså ikkje har vore nokon sjukdom. Dette har ført til ein sterk auke i medisineringa av born, som i beste fall ikkje er naudsynt og i verste fall skadeleg.

Binge Eating Disorder er også ein ny diagnose. Dersom ein et ‘meir enn normalt’ 12 gonger i løpet av tre månader vil ein med grunnlag i DSM-5 kunne kome i denne sjukdomskategorien. Diagnosekriteriane har ikkje unntak for jul og andre høgtider.

Diagnosen Major Depressive Disorder er ein diagnose i DSM-4, som dekker svært tunge og vanskelege sorgtilstandar. Men i DSM-5 er kriteria for denne diagnosen så sterkt utvida at det som tidlegare vart oppfatta som normal sorg i dag er ein psykiatrisk diagnose. Sorg over ein nær slektnings død kan i dag kategoriserast som sjukdom, og veners omsorg og nærvær kan erstattast med pillar, i likskap med andre lidingar som det finst ein diagnose for.

I eit intervju med Allen Frances i Aftenposten 24. mars 2019 kommenterte han den utvidinga av ADHD-diagnosen som skjedde då ein utvikla DSM-4. Frances leia arbeidet med denne revisjonen, og han sjølv hadde såleis hovudansvaret for resultatet, men i dette intervjuet beklaga han i sterke ordelag det som vart gjort.


Ta kulturopplevelsene hjemme i helga:

Stenger dørene – åpner opp på nettet

Billedkunst, film, teater og musikk. Med stengte lokaler legger stadig flere store institusjoner kulturen ut digitalt.


Då den nye og breie ADHD-definisjonen kom, sette legemiddelindustrien i USA i gong ein massiv reklamekampanje som rett og slett utløyste ein epidemi. ‘Folk som så på TV, ble overbevist om at deres urolige barn eller elev trengde medisinen. Diagnostiseringen tok helt av, særlig for gutter’, sa Frances i dette intervjuet. Han heldt fram: ‘Det er snakk om sentralstimulerende midler. Det oppsto et gigantisk illegalt annenhåndsmarked. ADHD er selvsagt et reelt fenomen, riktignok ikke for alle som får diagnosen, men i stedet for å bruke penger på bedre skoler, mindre klasser, mer aktivitet for de hyperaktive, forteller vi mange unge at de er syke.’

Denne utviklinga i retning av å sjukeleggjere fleire og fleire kjensler og tilstandar vert driven fram av ulike interesser. Å ‘oppdage’ ein ny sjukdom gir høg status i fagmiljøa, spesielt dersom ein får sjukdomen oppkalla etter seg. Dei fleste psykiatrane som arbeidde med den siste DSM-revisjonen var også engasjerte som rådgjevarar for farmaindustrien, og dei sistnemnde har sterke interesser i at diagnosespekteret vert utvida og at terskelen til diagnosane er lågast mogleg, for dess fleire diagnosar, dess større behov for medikament. Legemiddelindustrien i USA brukar dobbelt så mykje på marknadsføring som forsking.


2.000 pakker uvirksom ADHD-medisin solgt

En rekke pakker med ADHD-medisinen Metylfenidat uten virkestoff er blitt solgt her i landet. Nå kalles legemiddelet tilbake.


Også vanlege menneske som har eitt eller anna problem vil i mange tilfelle vere interessert i å verte diagnostisert, for ein diagnose etablerer sjukerolla og opnar porten til behandling og offentleg omsorg.

Gabriele Müller var i fem veker på klinikken til Michael Lindner. Ho fekk fleire ulike medikament, men ho åt ikkje dei. Ho sa: «Eg trur ikkje det er nokon feil med hjernen min. Den beste terapien ville vere om eg fekk meg eit arbeide.» Eg trur at ho hadde rett i det.


Helgapraten:

Forståelse er det viktigste Kai kan bidra med i jobben sin i Ålesund kommune. I 17 år var han narkoman - i rundt to av dem på gata i Oslo.

I 17 år var Kai Knutsen Sivertsen narkoman, og den siste tida bodde han på gata i Oslo. Hadde noen spurt han da, om han trodde han en dag skulle leve av den dyrekjøpte erfaringa si, hadde svaret vært nei. Men slik blei det.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!