Viser til artikkel i Sunnmørsposten laurdag 18.4: «– Galskap å seie ja til dette.»

Er det verkeleg slik at kommunen skal spandere badeland på nokon, medan andre ikkje får nok skuletid i bassenget til at dei kan lære seg å symje? Kva er det kommunale ansvaret, og korleis kan politikarane forsvare ei slik prioritering?

Situasjonen i Skodje

Skodje er einaste av dei tidlegare kommunane som ikkje har eige basseng. Elevane i skulen får seks undervisningstimar i bassenget i 3. klasse, og seks timar i 5. klasse. Dette held ikkje til å bli symjedyktig, og det er ein vits sett opp mot kompetansemåla i læreplanen. «Tromsømodellen» vurderer at elevar treng 170 timar i bassenget i løpet av grunnskulen for å nå desse måla. For oss vert dette eit foreldreansvar, og me betalar mykje for noko skulen har ei lovpålagt plikt å tilby. Ikkje alle foreldre har ressursar til å følgje opp dette, og eg ser ikkje at situasjonen i Skodje vil endre seg før skulen får eit basseng.

Under førre kommunestyre gjorde Skodje tre einstemmige vedtak på veg mot eige symjeanlegg: Igangsetjing av utgreiing og behovsanalyse, innstilling på aktuelt alternativ etter anbefaling frå styringsgruppa, og til slutt vedtak om investering i økonomiplanen for 2021–2022.

Behovsanalysen vart gjort med tanke på Skodje som nærområde, og Skodje som ein del av Ålesundsregionen, med alle sine symjeanlegg, som ramme. Det kom klart fram at det beste alternativet for Skodje ville vere å byggje symjehall lokalisert til barne- og ungdomsskule. Dette ville vere i tråd med vårt primære behov; å løyse behovet for betre symjeopplæring i skulen.

Sett i eit regionalt perspektiv anbefalte rapporten å gå for maksimumsalternativet vårt. Dette er eit konkurransebasseng + eit terapibasseng med rampe. Kapasiteten på Moa svømmehall er sprengt. Ålesund Svømmeklubb kunne fylt det minst to gonger, og manglar tilgang til lokale. Dei har stilt seg positive til å etablere eit tilbod i Skodje. Møre og Romsdal idrettskrins tilrådde Skodje å byggje konkurranseanlegg, og peika på underdekning av 25 m-anlegg i regionen, også etter realisering av badeland i Ålesund sentrum. Prislappen er 109 mill. kr inkl. mva.

Planane i Brattvåg

Etter å ha lest gjennom «mulighetsstudien» som ligg til grunn for Haram sitt kommunestyrevedtak om å byggje badeland i Brattvåg, vart eg forbausa. To anleggsskisser vert vurdert opp mot kvarandre. Eksisterande plan på å oppgradere noverande 25-metersbasseng ved skulen for 70 mill. kr, vart droppa til fordel for eit nytt sentrumsprosjekt med badeland til 162 mill. kr. Kvifor?

Ein liten kuriositet er Aftenposten sin artikkel 12.10.19 som omtalar ein kommunal investeringsbonanza i siste liten før tvangssamanslåing.

I «mulighetsstudien» fann eg ingen tal som omtala forventa driftskostnadar? Kan nokon forsvare dette økonomisk? Kva er besøksgrunnlaget, og kva behov er det ein ynskjer å dekke? Korleis står dette anlegget sett i samanheng med resten av den nye kommunen, og regionen? Mitt inntrykk er at dette eine og aleine er eit bestillingsverk for best mogleg sentrumsattraktivitet i Brattvåg.

Rakk ikkje fristen, men har sendt inn det dei kallar eit sterkt råd: Fylkeskommunen seier nei til badeland i Brattvåg

Korleis vil de prioritere?

Eit badeland er allereie under bygging i Ålesund kommune. Dette meiner eg me skal vere takksam for, støtte opp om, og bruke. Kommunen bør ikkje realisere eigne badeland som konkurrerer om det same besøksgrunnlaget. Kva signal er det kommunen ynskjer å sende til tiltakshavar av badeland i Ålesund sentrum? Å ha to badeland i same kommune vil eg karakterisere som stormannsgalskap. Har me verkeleg råd til det? Ytst få badeland går i pluss i drift, og me bør applaudere næringslivet som byggjer dette for oss, ikkje jobbe mot dei.

Kommunen må unngå å setje i gong store kostnadsdrivande prosjekt som druknar kvarandre. Symjeanlegga i Ålesund må sjåast i heilskap, og supplere kvarandre både i funksjon og behovsdekning, slik at alle innbyggjarane kan få eit rettferdig tilbod, som kan vere berekraftig for kommuneøkonomien.

Kommunalt ansvar og visjon

Symjeundervisning i skulen er eit lovpålagt krav! Det bør vere klinkande klart for beslutningstakarane at det primære kommunale ansvaret er å sikre at alle elevane i Ålesundsskulane får tilstrekkeleg symjeopplæring i bassenget, slik at dei kan lære seg å symje. Å sikre alle elevar i småskulen 40 anbefalte timar for å oppnå symjedugleik vil vere ein god start på vegen mot dei 170 timane dei treng for å nå kompetansemåla i læreplanen. Derfor må ein sikre skulane nok tilgang til «våte klasserom». Sekundært meiner eg kommunen sitt ansvar er å tilretteleggje for symjeidrett og folkehelse. Punktum.

Eg vil minne om at Nye Ålesund kommune vedtok følgjande tilleggsforslag frå Ålesund KrF under budsjettbehandlinga i desember:

«Kommunestyret bed rådmannen legge fram ein heilskapleg plan og behovsanalyse for svømmeanlegg og svømmeopplæring i heile Ålesund kommune. Planen skal ta omsyn til eksisterande og planlagde svømmeanlegg i kommunen.»

Eg vonar at dette dokumentet vert fundament for vidare framdrift for anlegga i Brattvåg og på Skodje.

«Handlingsplan for fysisk aktivitet» ligg på høyring og skal snart vedtakast. Det er naturleg å setje prosjekta i Brattvåg og Skodje inn på lik plass, for å kunne vurdere dei i samanheng med kvarandre, og etter kvart med bakgrunn i den nye heilskaplege plan- og behovsanalysen kommunedirektøren skal leggje fram.

Lukke til med det vidare politiske arbeidet!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!