I Bygdebladet 30. april kan vi lese om korleis fem lokale entreprenørar opplever sider ved den nye storkommunen Ålesund. Eg kan knapt tru det eg les samanhalde med dei fagre løfte som vart gjeve før samanslåinga for få månader sidan.

Vi kan m.a. lese at dei fem fryktar for arbeidsplassar – at «alt» er blitt mykje verre i den nye kommunen! Eg føreset at journalist og entreprenørar får fram sanninga og at konklusjonen i artikkelen er skræmande og bør vere til ettertanke innan administrasjonen og det politiske miljøet i Ålesund kommune.

  • Eg vil kort trekkje ut nokre av dei synspunkta og påstandane som dei fem målber i artikkelen.:

  • Ålesund – ikkje ein næringsvennleg kommune med ei distriktsfeindtleg halding.

  • Gebyra går til himmels – kan gje færre arbeidsplassar

  • Sakshandsamarar er uråd å få snakke med.

  • Førehandskonferansar kostar – og nesten umuleg å få til.

  • Byggjesaker tek lang tid. Effektiviteten har gått ned – ein forventa det motsette!

  • Administrasjonen er for stor og tungrodd. Papirflyttinga har auka – der etatane ikkje snakkar saman.

  • «Eg har sendt brev og purringar – utan å ha motteke svar!»

  • Ein søknad i Skodje har blitt til fleire i nye Ålesund.

Kvar er politikarane som lova ein ny, effektiv og robust kommune og som skulle få fart i Ålesundsregionen?

Dette er nokre glimt frå det dei fem uttrykkjer i førnemnde artikkel. Det meste av dette bør få dei 77 kommunerepresentantane til å forlange drøfting av og handling i den omtala situasjon i eiga sak i eige møte. Nokon kvar kan køyre i grøfta.

Her gjeld det snarast å kome opp att på vegen, håpe at skadene er minimale – og så køyre vidare med støe hender på rattet. Vegen vidare må vere dei løfta vi vart proppa fulle av i dei siste åra før 01.01.20. Eg sit att med eit enkelt spørsmål du kan finne i overskrifta: Er det sant at … Ryddeaksjon må til.

Politikarane har ansvaret i ei sak der det er mykje å gripe fatt i. Som innbyggjar er det rimeleg å forvente at kommunen gjev svar på dei harde påstandane i denne saka.

Ragnar Elias BakkenSjøholt

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no