Idretten vil ikkje stå fram som grådig og ta oppmerksomheit frå det aller viktigaste, samtidig veit vi at lokalidretten er limet i våre levande lokalsamfunn.

Difor er det med glede vi i Møre og Romsdal Idrettskrets opplever at administrasjonen i fylket har slutta seg til vår henstilling om at det offentlege, kommunar og fylket, tek eit steg tilbake når spelemidlar til idrettsanlegg skal delast ut denne våren.

I Møre og Romsdal er det slik at over 70 prosent av idrettsanlegga vert bygd og er drivne av idrettslag. For desse betyr dette betydelege kostnadar. Slik det har vore dei siste åra har og ventetida for å få utbetalt spelemidlane vore lang. Mange har venta 4–5 år frå anlegget var ferdig til spelemidlar vart utbetalt.

Dette har kosta idretten mykje. Sjølv med rekordlave renter har det gått hardt utover driftsmidlane. Rentekronene er pengar som foreldre måtte betale i tillegg til den vanlege idrettsaktiviteten.

At kulturadministrasjonen i fylket no deler idrettens syn på at det i 2020 er rett å la idrettslagseigde anlegg få prioritet er noko som gleder oss.

Det er i år snakk om rundt 80 millionar kroner som skal delast ut til idrettsanlegg i fylket. Når kommunar og fylket trer eit steg tilbake i denne køa betyr det mykje for lokalidretten og lokalsamfunna. Idrettslag kan få sine sårt tiltrengte pengar fleire år før dei elles ville ha fått.

Dette vil gjere idrettslaga endå betre i stand til å gyve laus på den aller viktigaste oppgåva, det å igjen fylle anlegga med aktivitet. Og vi legg heller ikkje skjul på at vi ser på dette som eit handslag til idretten og set veldig pris på å blitt høyrt og sett.

Det vi no set vår lit til er at fylkespolitikarane i Møre og Romsdal ser kor viktig dette grepet med spelemidlar er. Korona-viruset har gitt oss alle utfordringar langt utover det vi trudde vi skulle møte. Då er det viktig at vi løyser dei saman. Å sørge for at lokalidretten lever er ein viktig del av denne løysinga.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!