Norges Rederiforbund sin nye klimastrategi handlar om langt meir enn å vere den flinkaste i klimaklassen. Norsk skipsfart er nøydde til å ta klimagrep for å sikre eiga konkurransekraft.

For sjølv om det stadig kan sjå ut til at det går sakte med det internasjonale klimarbeidet, er kursen klar. Krava til utsleppsreduksjonar blir stadig strengare.

Ei næring som ikkje tek det på alvor, vil ikkje klare å hevde seg i front i den internasjonale konkurransen. Offensive klimagrep er difor naudsynt for å trygge Norge som ein leiande skipsfartsnasjon.

Rederiforbundet la fram sin nye klimastrategi denne veka. Målet er der at forbundet sine medlemmar skal halvere sine utslepp innan 2030, samanlikna med 2008. I tillegg skal nye skip i bestilling ha nullutsleppsteknologi frå same år. 20 år etter skal medlemmane i forbundet ha ein klimanøytral flåte.

Målet om å halvere utsleppa på ti år, bør absolutt vere innan rekkevidde. Året det skal målast mot, 2008, rakk å bli eit år med svært stor aktivitet i internasjonal handel og sjøfart før finanskrisa slo til mot slutten av året.

Skipsfarten har redusert sine utslepp betydeleg sidan det, og er altså på god veg mot å dra dette målet i land.

Viktigare og meir ambisiøst er målet om at alle nye fartøy skal ha nullutsleppsteknologi seinast innan ti år frå no og at flåten skal vere klimanøytral allereie frå 2050.

Med dette vil norske reiarar strekkje seg lengre enn FN sin sjøfartsorganisasjon sette som mål i sin klimastrategi då den vart lagt fram for to år sidan. Der heiter det at klimautsleppa for skipsfarten skal minst halverast innan 2050.

Norges Rederiforbund løftar altså lista for arbeidet med å kutte klimautsleppa dei næraste 30 åra. Klarer forbundet sine medlemmar å setje denne strategien ut i livet, vil det bety mykje for at ein stor sjøfartsnasjon som Norge kan nå sine klimamål.

Samstundes vil norske reiarar med dette vere med på å setje standard i internasjonal skipsfart.

I sin tur kan det få stor betydning for Norge som ein leiande maritim nasjon.

Ein klimanøytral flåte vil ha ein konkurransefordel etter kvart som nasjonar, leverandørar og forbrukarar stiller stadig sterkare krav til klimanøytralitet. Samstundes vil den industrien som skal utvikle teknologien og byggje dei nye skipa, kunne sikre seg fordelar i konkurransen på sitt område.

Her kan det liggje store moglegheiter også for norsk maritim industri.

Norske reiarar har tatt på seg rolla med å stå ved roret i denne utviklinga. No må resten av den maritime klynga i Norge sørge for å mønstre på.