Folkeforbundet slutta seg til løftet gjennom mandatet i 1922, som opna for innvandring av jødar frå Europa til Palestina. FN foreslo i 1947 å gjennomføre løftet med å opprette ein jødisk stat på 55 % av området og ein arabisk stat på resten. Sionistane aksepterte planen og erklærte i 1948 oppretting av den jødiske staten Israel. FN sluttførte den jødiske statsetableringa med å mekle fram våpenkvileavtalane som justerte grensene til 78 % av området til den jødiske staten, og med godkjenning av staten Israel med desse grensene som fullverdig medlemsstat i FN i 1949. Sidan har staten Israel stått folkerettsleg fast forankra på dette grunnlaget. Lovnaden til sionistane er oppfylt.

Det lovlause blindsporet

Staten Israel sine handlingar på Vestbredda etter 1967 har derimot vore ein straum av kontinuerlege lovbrot utanfor eigne grenser: ulovleg militærokkupasjon, landsran, husøydeleggingar, utkastingar, ulovleg busettingsbygging og folkeinnflyttingar og bygging av delvis ulovleg grensemur, for å nemne noko. Denne krigen har gått føre seg i 53 år. Slike ulovlege handlingar kan aldri lønast med godkjenning av ein ulovleg anneksjon som ny folkerett, slik «Trumps fredsplan» legg opp til. Det kan heller ikkje tryllast fram ny folkerett gjennom intrikate tankekonstruksjonar.

Palestina sin ufullførte veg til ny folkerett

I 1917 var folket i Palestina, som i dei andre arabiske områda i Det osmanske riket, lova fridom og sjølvstyre. Folkeforbundet støtta denne folkerettsendringa via ordninga med mandatmakter i ei overgangsordning. Saudi-Arabia, Irak, Syria, Libanon og Jordan fekk sitt sjølvstende etter denne ordninga, men i Palestina gav Storbritannia som mandatmakt i 1947 opp å finne plass til dette sjølvstendet for det store fleirtalet av folket i Palestina på ein måte som også kunne tilfredsstille sionistane sine ambisjonar om ein eigen stat. Det britiske mandatet over Palestina av 1922 inneheldt ei sjølvmotseiing, folket i Palestina skulle få sjølvstende gjennom etablering av ein eigen stat og på same området skulle det bli ein jødisk stat. Storbritannia gav floken dei hadde skapt over til FN.

Etter FN sin delingsplan i 1947 og våpenkvileavtalane sine grenser i 1949 skulle lovnaden om sjølvstende frå 1917 i 1949 gjennomførast på 22 % av området for 67 % av folket i Palestina som var ikkje-jødar, og med 70 % av dei heimlause i flyktningleirar. Det skjedde rimeleg nok ikkje eit mirakel i 1949, flyktningane oppretta ikkje sin stat. Dei ville attende til heimane sine, noko dei hadde rett til, men vart nekta.

Men palestinarane kom seg etter sjokket og starta i eksil å organisere seg i nasjonalt frigjeringsarbeid på 1960-talet. På 1970-talet fekk dei vekt internasjonal merksemd mot den tragedien som hadde ramma dei, på 1980-talet fekk dei tilgjenge til det internasjonale diplomatiet og i 1988 skjedde underet, palestinarane godkjende staten Israel og erklærte staten Palestina oppretta på Vestbredda og Gazastripa, 22 % av historiske Palestina. Israel og USA har i 23 år sidan hindra gjennomføring av denne nye folkeretten og halde fram med den ulovlege krigen for å fordrive palestinarane frå stadig meir av den resterande 22 % av landet.

Vegen til fred

Staten Palestina har status som ein «non-member observer state» i FN og er godkjent av 134 av dei 193 medlemsstatane. Staten Palestina bør no kunne takast opp som fullverdig medlemsstat i FN med grenser som dei relevante våpenkvilelinene av 1949, pre 1967-grensene. Så kan det startast forhandlingar om ein fredsavtale, inklusiv grensejusteringar, mellom to nasjonar med likeverdige innbyggarar, kort sagt gjennomføre etablering av to-stats-løysinga slik FN har lagt opp til som fredsløysinga.

Israel varsler annektering av okkuperte områder i juli Israels nye samlingsregjering begynner annekteringen av den okkuperte Vestbredden 1. juli. Det blir dødsstøtet for en tostatsløsning, mener Kirkens Nødhjelp.

Alternativa?

I. Begge partane kan få høve til å legge saka si fram for ein internasjonal domstol. Men kva som vert konsekvensane av resultatet der og kva som vert utviklinga etterpå, må vere ein større risiko enn å satse på fredsløysinga til FN.

II. Framhald av krigen. Risikoen knytt til varig framhald av den ulovlege pågåande krigen må vere aller størst, og staten Israel vil sitte med ansvaret for konsekvensane til evig tid.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!