Mange av oss hugsar og merka seg dei fine formuleringane som vart nytta av fleire for å skape god grobotn for påstanden om «Dokke vil verte langt betre tente og fornøgde med dei kommunale tenestene berre vi kan få samle flest mogeleg inn under same paraplyen – nye Ålesund.»

Vi fekk også langs heile denne vegen høyre at dei store var meir effektive, robuste og gav betre tenester enn dei små kommunane. Vi som har levd ei rekkje år i ei lita kommuneeining, har vorte vande med at dei fleste kommunale tenester har vore gode, kanskje med nokre unntak der arbeidet med forbetringar stendig vart arbeidd med – trass i nye oppgåver overførte frå Staten.

Eg opplever at arbeidet og innsatsen på grasrotnivå var godt og er godt både før og etter 1. januar 2020. Likevel går vi spennande tider i møte. Signala frå kommunen kjem ofte om overforbruk og knapt med ressursar. Korleis kommunen vil løyse desse utfordringane står att å sjå.

Etter å ha følgd kommunestyremøtet 8. mai på skjermen sit eg att med: Politikarane og ikkje minst administrasjonen har mange steg å gå før dei kan seie seg fornøgde! Det slo meg elles at mange saker vart utsette? Årsakene kan vere mange til det, særleg til ettertanke for dei i administrasjonen.

Fokus siste tida har vore tenester der brukarane må betale gebyr og avgifter som fullt ut skal dekke det kommunen legg inn av ressursar.

Siste dagane har SFO-ordningane ved skulane skapt debatt og undring. Betalingssatsane har skote i vêret – heilt opp til om lag 10.000 kr pr. barn pr. år i auke. Samstundes hevdar somme at tilbodet ikkje har endra seg i positiv lei. Vi har registrert at kommunen svarer: «Denne tenesta skal vere til sjølvkost for kommunen.» Dette inneber at brukarane skal gjennom direkte betaling for tenesta dekkje utgiftene fullt ut.

Eg spør: Kva er årsaka til at sjølvkost har auka? Har tilbodet vorte betre? Har skulane/SFO fått auka talet på tilsette? Kva utgifter ligg inne i sluttsummen på sjølvkosten som er årsaka til at mange foreldre reagerer på dei nye betalingssatsane? Kor mykje av sjølvkosten kjem frå god bemanning og høge løner innan administrasjonen utanfor einingane/skulane.

Vi kan også stille spørsmål om ikkje deler av kommunen sine utgifter burde dekkjast av kommunen henta frå brukarane sine bidrag via skattesetelen? 8. mai vedtok kommunestyret å utsetje saka om betalingssatsar m.m. for SFO. Politikarane ville ha fleire opplysningar lagt på bordet. Pluss til dei folkevalde som vedtok utsetjing, med handsaming i juni – og fleire fakta og opplysningar i saka!

Sjølvkost – ordet går att i ein del lovpålagde tenester som siste tida har vorte diskusjonstema. Eg tenkjer på dei mange ulike gebyra som gjeld tenester gjevne av teknisk avdeling og deira forgreiningar. Avgiftssjokk er ord som går att. Avisene har vore formidlarar av heilt utrulege tal – eit døme: frå 20.000 til 750.000. Kor stor del av denne auka sjølvkosten har kome brukarane til gode i form av forbetra tenester?

Fleire peiker på at ein større kommune kostar meir enn det smaker. Kanskje er dette rett? Vi treng ein effektiv administrasjon utover dei direkte kostnadene ved å driv dei mange barnehagane, skulane, vegane, sjukeheimane m.fl., men kanskje har vi her gapt for høgt? Vi har midt oppe i denne overgangen til ein større kommune lagt lista høgt både i antal stillingar og lønsnivået til desse. Eg spør og forventar å få litt svar og reaksjonar frå dei rette instansar – også knytt til den politiske sida!

Til slutt vi eg vise lesarane til eit innlegg frå Jostein Tomren i B.bladet 8. mai der han m.a. ønskjer at politikarane tek langt meir styring av den nye kommunen.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!