Sjølv om Ludvig må ha hjelp til det meste, så sprer han mykje meir glede enn mange andre til saman.

Når eg fekk vite at lillebroren min hadde eit sjeldan syndrom, gjekk det mange tankar gjennom hovudet; korleis kom det nye livet til å bli?

Nokre dører lukka seg, men DU kor mange nye som opna seg!

Både personleg og som familie har vi fått blitt med på mange spennande eventyr, og oppleve ein mangedobla glede i kvardagen over den minste ting.

Ein kan lett tenkje at nokon som Ludvig ikkje kan lære oss noko, men er det nokon som kan å bli glad over lite, så er det han. Er det nokon som er flink til å vise gjensynsglede etter berre nokre timar i barnehagen, så er det han.

Å ha ein så stor gledesspreder i hus er noko eg aldri ville bytta vekk. Ludvig gjer livet mitt mykje rikare.

«Ja til mangfald og toleranse» seier leiarane i landet, samtidig som nokre av dei vil vedta ei lov der dei lettare kan luke vekk dei «uperfekte».

Det er dette som kallast sorteringssamfunn. Alle har rett til eit verdig liv uansett kven ein er. Kven av oss er eigentleg perfekt?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!