Tenestene skulle kome nær folket og etter kvart fekk nesten alle kommunar sitt kontor for tannhelsa. No vil fylket spare pengar og slår saman kontor og ta bort det nære tilbod. Dette slår ekstra uheldig ut for fleire kommunar.

I Stranda kom det som eit sjokk at vårt kontor skulle leggast ned og tenestene ville bli i Sykkylven. Avstanden for alle i kommunen ville bli 30 km lenger, og for foreldre på Hellesylt ville reisa tur-retur bli ca. 120 km og for ytterkantane, t.d. Røyrhus, 150 km.

Dette er ikkje med i fylket sitt rekneskap. Tidstap i arbeid er ikkje tenkt på.

Mange pensjonistar og uføre har også brukt kontoret i Stranda. I lokalavisa på Stranda har eg fleire gonger argumentert mot fylket sitt opplegg, men situasjonen var heilt fastlåst. Dette særleg fordi Sykkylven skulle få nytt kontor og då høvde det godt å flytte Stranda dit.

Reknemeistrane på Molde hadde funne ut at dei ville spare 315 000 kr årleg ved å legge ned Stranda. Dette er småpengar samanlikna mot ulempene folk i Stranda får.

Eitt argument for stort kontor var at då kunne tannlegane få eit større miljø.

Kan verkeleg fylket meine at miljøet for tannlegane er meir viktig enn ulempene som foreldre, ungdom og pensjonistar blir påført?

Men så var saka avgjort, trudde vi.

Så kom sjokkmeldinga i Sunnmørsposten at kontoret dei skal leige i Sykkylven har ekstra vanskelege trafikale forhold slik avtalen kanskje må kansellerast.

Eg har fått opplyst at det i 2019 blei utført 2009 behandlingar ved kontoret i Stranda.

Dette gjeld pasientar som må reise til det vanskeleg tilgjengeleg nye kontoret i Sykkylven.

Dei må anten kome med buss, privatbil eller drosje.

Så manglar busslomme, skal pasientane så gå 500 m frå busstopp i sentrum til klinikken.

Mange vil ta eigen bil, er det parkering ved kontoret?

Vil situasjonen for nytt kontor i Sykkylven bli så vanskeleg at Stranda kan bli det nye senter.

Der er ledige kontor, høve til utviding, busshaldeplass like ved og rikeleg med parkeringsplass. Så sparer fylket ny stor leigeavtale.

Eller kan det bli ei løysing slik at alt blir som før. Det trengst ein debatt.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!