Langt å gå, bratt opp, og så ei digert fjell med utsyn over det endelause havet, og gardane loddrett ned på begge sider. Ein varm vind oppover gjennom dei stupbratte gjøla når vi våga oss heilt ut på kanten. Vi drøymde ørneskrik og havsus og småfuglsong når vi sovna om kvelden.

No skal dette bli ein industripark!

Vi skal skreve oss over stålbardunar, og lyng- og grasbakkane skal bli gjennomskorne av skjemmande anleggsvegar. Og digre kraftlinjer over hovuda på oss, til liks med denne skogen av ubegripeleg høge mølletår og støyande rotorvengjer.

For barndommens fjell var ikkje så stort likevel, det lærte vi fort, når vi kom inn i fjordane og til Tafjordfjella. Haramsfjellet er veldig lite! Der er ikkje plass til slik galskap! Dei tekniske inngrepa vil dominere denne fjellflata fullstendig! Der vil ikkje finnast plassar der inngrepa vil vere usynlege. Der vil ikkje finnast ein stein å gøyme seg bak for støyen!

Kven har mist vitet? Kven skal hauste fordelar av dette?

Kva er dette? Det er rein galskap. Om det var nauda. Om vi skulle svelte eller fryse i hel, men så veit vi at utbytet, effekten i kwh er berre er forsvinnande liten. Då er dette meiningslaust også. Unødvendig. Lenke seg fast? Vi hugsar korleis det gjekk i Alta, og Mardøla – eit storsamfunn mot lokal befolkning.