Dei to siste vekene har motstandarar av vindkraft på Haramsøya aksjonert for å stoppe anleggsarbeidet.

Sist veke tvinga dei entreprenøren til å snu. Torsdag slapp dei første anleggsmaskinene på land. Men aksjonistane har langt frå gitt opp, og kjempar vidare – på øya, i politikken og i rettsapparatet.

Sivil ulydnad har i Norge sterke røter i kampen for å bevare naturverdiar mot inngrep.

50 år sidan Mardøla

I år er det 50 år sidan Mardøla-aksjonen. Dette var den første store aksjonen der det vart brukt sivil ulydnad i ei naturvernsak. Frå midten av juli til byrjinga av august i 1970 hindra aksjonistar at anleggsarbeidet fekk starte.

Knapt ti år etter, sommaren 1979, blokkerte Folkeaksjonen mot utbygging av Alta/Kautokeino-vassdraget aksjonistar i lenker anleggsvegen ved Stilla og sveltestreika i telt framfor Stortinget hausten same året.

I tiåra etter har miljøorganisasjonar fleire gongar brukt våpenet. I kampen mot vindkraftutbygging har aksjonistar freista å stoppe anleggsarbeid, mellom anna på Frøya, Flatanger, Våler og no på Haramsøya.

Legitime aksjonsformer

Både sivil ulydnad og demonstrasjonar er legitime aksjonsformer i eit demokrati, så lenge slike aksjonar ikkje tyr til hærverk eller vald.

Grensa mellom dei kan av og til vere glidande. Skilnaden er at sivil ulydnad alltid handlar om å bryte lova, på fredeleg vis, for å overtyde andre om at ei lov eller eit lovleg vedtak må gjerast om.

Det seier kanskje sitt om korleis sivil ulydnad sin plass i det norske demokratiet at ein av dei sentrale Mardøla-aksjonistane, Odd Einar Dørum, seinare kunne bli justisminister.

Ein ventil i demokratiet

Om ein definerer aksjonane på Haramsøy som sivil ulydnad eller ikkje, er ikkje vesentleg no. Poenget er uansett at denne type aksjonar både er naudsynte og legitime. Sivil ulydnad er ein sikkerheitsventil i eit demokrati.

Historia har mange solide avtrykk av sivil ulydnad dei to siste hundreåra, heilt sidan den amerikanske filosofen Henry David Thoreau sin skattenekt i opprør mot slaveriet midt på 1800-talet.

Størst avtrykk har kanskje aksjonane som vart bore fram av borgarrettsrørsla i USA med Martin Luther King Jr i spissen, eller Mahatma Gandhi sin ikkje-valdelege kamp for indisk sjølvstyre.

Men sjølv historia om desse store samfunnsomveltande rørslene er også ei forteljing om mange nederlag, om fengslingar, straff og motstand på vegen mot endring.

Tapte slaget - vann krigen

Ser vi på dei norske døma frå kampen mot vasskraftutbygginga, var det også to tapte slag. Mardøla-fossen i Eikesdalen renn i dag berre for turistane nokre få sommarveker.

Altavassdraget vart også utbygd, i all hovudsak i tråd med Stortinget sitt vedtak. Likevel har også desse to aksjonane sett varige spor.

Mardøla endra både spelereglar og naturvernet sin plass i norsk politikk. Alta-aksjonen skapte eit tidsskilje i forholdet mellom vern og utbygging og i høve samane sine rettar.

Får meir støtte

Kampen mot vindkraftverk på Haramsøy har fått stadig større oppslutnad, også politisk.

Fylkesordføraren i Møre og Romsdal, ordføraren i Ålesund og Framstegspartiet og SV på Stortinget er mellom dei som har engasjert seg med støtte til kravet om å stoppe anleggsmaskinene i påvente av ei rettsleg avgjerd.

Nei til vindkraftverk på Haramsøya vil ta Olje- og energidepartementet og truleg også Haram Kraft/ Zephyr AS for retten.

Så langt har ikkje politikken eller rettssystemet vore til hjelp. Ingen av dei vegane er gått til endes. Likevel står sivil ulydnad att som eit alternativ for å hindre at arbeidet med å røyse åtte 150 meter høge vindmøller startar.

Kan flytte politikk

Utfallet av kampen mot vindmøllene på Haramsfjellet kan vere vanskeleg å spå. Gjentek historia seg, kan akkurat dette slaget bli tapt. Den store krigen kan likevel bli vunnen.

Frå å vere eit miljøargument som politikarane pynta seg med, har vindkraft på land få år blitt noko svært få politikarar vil ta i med ildtang. Slik kan sivil ulydnad og aksjonar flytte høvet mellom vern og utbygging nok ein gong.