Å slå saman klassene ifrå fire til tre klasser, og med det lage heilt nye klassesamansetningar i det som for elevane er eit viktig og avgjerande skuleår er svært uheldig. Elevane må få kunne gå inn i sitt siste skuleår med stabilitet i sitt skule- og læringsmiljø!

I opplæringslova § 9-A 7 kan vi lese at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Å slå saman klasser på eit tidspunkt som no skaper usikre føresetnader for elevane! Elevane treng ro og tryggleik då dei går inn i sitt avsluttande skuleår med eksamen og framtidige skuleval. Til no har elevane gått i same klasser i to år, og venskap og relasjonar har blitt bygd.

Klassesamanslåinga vil rokke ved dette, og for ungdom i 14–15 års alderen vil det kunne ha stor innverknad på trivsel og tryggleik. Og læringa vert sett på spel!

Vi veit at skulevegring er eit omfattande og aukande problem, og i dag er skulekvardagen prega av situasjonen kring COVID 19- utbrotet; ein situasjon som kan vare inn i sommarferien. Det sosiale går på låggir, og å då skulle møtast i det nye skuleåret i heilt nye grupper vil for mange opplevast som usikkert og jamvel skremmande.

Det er kjend at VUS pr. i dag ligg under lærarnorma med 0,7 stilling. Tilsettingsstopp av lærarar som del av ytterlegare sparetiltak gjer at skulen til hausten vil ligge heile 2,2 stilling under lærarnorma! Og når klassesamanslåinga lagar klasser med opptil 30 elevar i kvar klasse vil lærardekninga i klassene bli alarmerande låg.

2005- kullet er ei gruppe som også tidlegare har vore utsett for uheldige klasserokkeringar.

Foreldregruppa er sterkt uroa, og vi krev ei anna løysing enn rovdrift på ungdomen i 9. trinn. Lasset er i ferd med å bikke!

Dette brevet går ut til kommuneadministrasjonen og politikarar i Giske kommune, og skuleadministrasjonen ved VUS.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!