Eg ber dykk, ta kontakt med Stortingrepresentantane frå dykkar parti frå vårt fylke samt dykkar Stortingsgruppe, og sørg for at dei støttar representantforslaget frå FrP ved Sylvi og Jon Georg mfl. ang. STOPP utbygging av vindmøllene på Haramsfjellet!

Sist Fylkesutvalgsmøte var du Kristin Sørheim heilt klar på at SP ikkje støtta bygging av vindmøller på land.

No kan du gjere «ord til handling» og sørge for at Trygve Slagsvold Vedum og resten av SP gruppa på Stortinget støtta forslaget frå FrP om stopp av vindmøllesaka på Haramsfjellet til saka er ferdigbehandla i rettssystemet.

Det same gjeld deg Tove Lise Torve, dokke i AP var like tydelege imot vindmøller på land.

Du kan også vise at du er ein fylkesordførar som bryr deg om innbyggjarane i heile fylket, og støttar kampen mot vindmøller på Haramsfjellet.

Fylkesutvalet hadde også ein uttale ang. denne saka, så det er lett å følge opp dette for deg som fylkesordførar.

Det er FrP, SP, AP og andre i opposisjon på Stortinget som kan stoppe vindmøllene på Haramsfjellet,

Høgre, KrF og Venstre er berre å gløyme då desse «vindmøllepartia» ikkje bryr seg om Norsk natur og om innbyggjarane som må slite med dei ekstreme vindturbinane og radbrekt naturområde på Haramsfjellet.

Eg håpar dykk begge tek fatt i denne saka, og gjer det dokke kan for at vi klarer å stoppe utbygginga av vindmøller på Haramsfjellet.

Håpar på støtte frå dykk begge to Kristin og Tove Lise, slik at vi kan gjere det vi kan for å stoppe det ekstreme overgrepet mot lokalsamfunnet som er i ferd med å skje på Haramsfjellet.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!